-Det er grunn til å flagge, sa Ingrid Søyland (Sp) og Arve Dvergsdal( Ap) etter at budsjett og økonomiplan var i boks.

Samrøystes budsjett i Jølster

Om det var besøket av  luciatoget frå Stardalen barnehage som gjorde politikarane så mjuke og venleg stemde, skal vere usagt. Men det må vere lenge sidan eit budsjettmøte har vore så fredeleg som i år.



Økonomisakene har vore ein gjengangar i formannskap og kommunestyre sidan  juni. Det har mang ein gong gått ei kule varmt, både politikarane i mellom og mellom politikarar og administrasjon. Men på møtet i dag var det reine julefreden.



Avtalt spel

Det vart tidleg ganske tydeleg at det meste var avklara på førehand, noko vi etter møtet fekk bekrefta av Ap sin mann i formannskapet, Arve Dvergsdal, etter møtet.

-Det har vore ei travel tid, spesielt siste dagane og eg er glad dette er over no. Det har vore møte og telefonar seint og tidleg og det tek på, ingen tvil om det, sa Dvergsdal som tykte det var greit at det meste var avklara på førehand. Han tykte også at det var bra at alle partia kunne semjast om budsjettet.

Heilage kyr

Den semja kom etter den årvisse diskusjonen om tre heilage kyr, nemleg kulturmidlar, kutt i tilskot til kyrkja og dirigent til skulemusikk. I år var også sommarstenging av SFO komme på lista. Etter gruppeleiarmøte, der alle partia var med, vart det semje om å ta inn att 200.000 til kulturmidlar, 200.000 til kyrkja, 200.000 til SFO og 40.000 til dirigent. Pengane skal hentast ved å skru opp inntektene frå kraftverka med 500.000 og ta resten frå disposisjonsfondet.

-Kyrkja og verdiane den står for, høyrer til grunnsteinane i kulturarven vår, sa Kjell Navelsaker (H) som var sterkt kritisk til budsjettdisiplinen i kommunen.

-Det budsjettet vi har klart om ei lita stund, er det rådmannen  har til disposisjon, korkje meir eller mindre, sa Navelsaker som lurte på om budsjettet vert brukt som den styringsreiskapen det er meint å vere. Navelsaker var også inn om leiarlønningane i kommunen som han meinte representerer ei mindre god haldning til bruk av pengar.

-Er det vits i å bruke tid på å få i hop eit budsjett når det ikkje blir respektert?, spurde han.



Investeringsplan med full pakke

Den unisone semja i budsjetthandsaminga sprakk når det kom til investeringsplan og økonomiplan. Her var det V og SV mot resten. I klartekst vil det seie at økonomiplanen som rådmannen ikkje vile tilrå gjekk gjennom. Det same gjorde investeringsplanen som fleirtalet i formannskapet ville ha.

Det betyr at begge hallane er inne, det same er byggefeltet Smiehogen på Vassenden og industriområdet på Moskog.

-Også vi vil ha hallar, men vi vil ha dei inn i økonomien til den nye kommunen. Vi har flotte omsorgsbygg, men vi kan ikkje stelle oss slik at vi ikkje kan fylle dei med varme hender, sa Magne Årdal (SV) Kjell Navelsaker meinte, på si side, at vi har råd til hallane . Det same gjorde Tom Erik Sandal (Sp) som ville forankre hallane i eigen kommune sin økonomi og ikkje vente på den nye.

-Vi skal vere glade for at vi har kraftinntektene, elles hadde dette vore skikkeleg ille, sa Judith Kapstad som var einig i mykje av det som kom frå SV og H.

Investeringsplanen til fleirtalet i formannskapet fekk røystene til Sp, Ap, H og Krf. Sv og V sitt framlegg, der hallane var ute, fekk dei fem røystene til desse partia.

Økonomiplan med påplussing

-Det kan vere freistande å berre sjå på neste år, og så overlate resten til den nye kommunen. Vi trur driftskostnadane til hallane er for høge, og vi vil også legge inn meir kraftinntekter, sa Kjell Navelsaker (H) innleiingsvis i den korte debatten om økonomiplanen som rådmannen ikkje ville tilrå. Navelsaker annonserte også at føreslegne kutt i helsesektoren skulle vekk og meinte at kutt her var totalt urealistisk sidan der allereie er eit visst overforbruk.

Etter gruppeleiarmøte mellom Sp, Ap, H og Krf, kom det på bordet ei liste med endringar som involverte, auka kraftverksinntekter, mindre utgifter til hallar og innsparing på såkalla politisk godtgjersle.

På utgiftssida var dei tidlegare kutta på kyrkje, kultur, SFO og dirigent også inne att i økonomiplanen. Elles var det sett opp ytterlegare innsparingar i sentraladministrasjonen, innsparingar på oppvekst og kultur og innsparingar på bygg og næring. I tillegg ligg det inne uspesifiserte innsparingsbehov på mellom 2.6 og 8.6 millionar for kvart av dei fire åra i økonomiplanperioden.

For å få alt til å gå i hop, vart det lagt opp til samla bruk av disposisjonsfond dei neste fire åra på 7.1 millionar kroner.

Dette opplegget fekk då dei tjue røystene til Sp, H, Ap og Krf, medan SV og V røysta for Sv sitt framlegg frå formannskapet der begge hallane og fotballbane på Vassenden skulle ut.

 

Stardalen Barnehage stilte med luciatog og lussekattar til kommunestyrerepresentantane
Det vart solid fleirtal for økonomiplanen som var siste sak på kommunestyremøtet.
Etter ein tur på gangen vart det fort semje mellom Judith Kapstad, Tom Erik Sandal, Kjell Navelsaker, og Jakob André Sandal når driftsbudsjettet skulle bankast. Arve Dvergsdal (Ap gøymde seg bak Tom Erik sandal