Illustrasjonsfoto.

Samlar kollektivturisme på Vestlandet på éi side

No kan besøkande i alle dei fire vestlandsfylka reise som vestlendingar flest. Denne veka vart ei felles nettside lansert, der turistar kan kjøpe ferdigpakka turar med offentleg transport, skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding. 

– Det blir veldig spennande å sjå kva respons vi får på dette, seier assisterande fylkesdirektør for samferdsle, Øystein Hunvik.

Som turist er det ikkje alltid like lett å orientere seg om ulike kollektivtilbod. Difor utvikla Møre og Romsdal fylkeskommune i 2016 konseptet «Travel like the locals» («Reis som dei lokale»): spennande reiser til fine destinasjonar med eksisterande buss-, båt-, tog- og ferjeruter.

Frå i år er tilbodet utvida til Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Nærare 50 turar fordelt på dei tre «nye» fylka er no tilgjengelege for sal på ulike turistkontor og på den felles nettsida www.tltl.no.

Dei første turane er allereie selde.

– Turistinformasjonen i Stavanger var først ute av salskontora og selde turen «Øyhopping til Lindøy og Langøy» til to britiske turistar som var svært nøgde med turen. Fleire «står på vent» og er klare til å kjøpe turar når nettsida no blir klar, fortel prosjektleiar Marit Holen i Møre og Romsdal fylkeskommune.

I Sogn og Fjordane kan turistane kjøpe billettar til følgjande turar:


  • Rundturar til Svanøy frå både Florø, Førde og Skei

  • Rundtur til Kinn frå både Florø og Førde

  • Kveldstur med båt i skjergarden i Florø

  • Rundtur Skei-Movika-Førde-Skei

  • Rundtur Skei-Førde-Skei

  • Rundttur Skei-Vassenden-Skei

  • Rundtur Skei-Vassenden-Førde-Skei

  • Rundtur Sogndal – Førde- Sogndal, med retur via Vadheim og langs Sognefjorden

  • Rundtur Stryn-Loen-Strun

  • Rundtur Sandane-Stryn-Sandane

  • Rundtur Sandane-Loen-Sandane

  • Rundtur i Nordfjord, med start i Stryn, vidare til Nordfjordeid, Sandane, Byrkjelo og tilbake til Stryn

  • Rundtur Sogndal-Nigardsbreen-Sogndal

  • Éinvegstur Sogndal-Nigardsbreen

  • Einvegstur Nigardsbreen-Sogndal

  • Vandrebussen til og frå Aurlandsdalen, med ulike strekningar til/frå Flåm, Aurland, Vassbygdi, Østerbø og Geiteryggen.


Travel like the locals er eit samarbeid mellom fylkeskommunane Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland, kollektivselskapa/-merkevarene FRAM, Kringom, Skyss og Kolumbus og destinasjonsselskapa i dei fire fylka.

Møre og Romsdal har førebels si eiga side, men også desse turane vil etter kvart bli kopla på den nye fellesportalen.