Heim   >   Nyhende   >   Samfunnet tapar milliardar på ferjekø

Foto: Hallvard Østrem/NPK.

Samfunnet tapar milliardar på ferjekø

Det kostar samfunnet 3,3 milliardar kroner at folk ventar på ferja, viser ei undersøking.

Det er forskarar ved Nord Universitetet som har rekna seg fram til den samfunnsøkonomiske kostnaden av å vente på ferja.

Kvart år reiser om lag 43 millionar med norske ferjer. Med det talet til grunn, blir ventetida på ferjekaiane omtrent elleve millionar timar kvart år. Viss ein gir dei som ventar ein timepris på 300 kroner, blir dei årlege kostnadane 3,3 milliardar kroner, skriv forskarane i eit innlegg i Dagens Næringsliv.

Tala er henta frå ei spørjeundersøking blant passasjerar på dei 16 viktigaste sambanda i landet. I snitt venta folk 15 minutt på ferjekaiane, medan overfarten var på 38 minutt. Ventetida utgjorde slik nær 40 prosent av seglingstida.

Forskarane peikar på at vente-kostnadane kan reduserast ved at ferjene går oftare, og at desse ferjene er større. Hyppigare avgangar kan også påverke den «skjulte ventetida» til ferjebrukarane, altså ulempa med at dei ikkje kan reise når dei vil. Desse ulempene kan vere større enn ulempene ved sjølve ventinga på ferjekaiane – særleg når ferjene går sjeldan, skriv forskarane. (©NPK)