Tverrelva bru på Fv691 mellom Aa og Ommedal i Hyen er vekke. Foto: Even Hjelle, Statens vegvesen.

Ryddar så fort det er trygt

Statens vegvesen har byrja å få oversikt over flaumskadene etter gårsdagens styrtregn. Opprydding på dei forskjellege stadene startar så snart områda blir erklært som trygge, blir det opplyst i ei pressemelding. 

- Oppryddinga er alt i gang på Svidalsneset, men vi veit ikkje om brua har klart seg før massar er grave bort og elveløpet er rydda, seier prosjektleiar drift Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen.



I Movika mellom Førde og Moskog står tre gravemaskinar og lastebilar klare til innsats, der minst 1000 kubikkmeter masse og tømmer sperrar E39. Mellom Movika og Svidalsneset har det i tillegg gått fleire mindre flaumskred, og det er truleg mykje å rydde opp i veggrøfter og stikkrenner før vegen kan opnast.

- Oppryddingsarbeidet er så vidt kome i gang, så det er alt for tidleg å seie noko om når dei flaumskadde vegane i Sogn og Fjordane kan opne. Informasjon om dette vil vi kome tilbake med ut over dagen, seier Karlsen.



Geolog frå Statens vegvesen er no oppe i helikopter for å synfare rasløpa – først rundt Jølstravatnet og deretter på vegane rundt Hyen. Der er Tverrelva bru på fv. 691 til Ommedal gravd heilt vekk av flaumvatnet, og vegen har fått store skader lenger oppe i dalen. Det er og gått eit stort skred over fv. 615 ut langs Hyefjorden.



Ved Holsen på rv. 13 nord for Røyrvikfjellet er ei bru tetta av flaummassar og vegen stengd. Gaularfjellsvegen er open med forbindelse til Sande via fv. 610, men denne vegen må ikkje nyttast av større køyretøy. Trafikken på E39 blir omdirigert via Vadheim, Høyanger, ferja Dragsvik-Hella og rv.5 Sogndal-Skei.

 

 

E39 Svidalsneset og ras på fv.451 Jølster sørside: Jan Helge Albu, Statens vegvesen

 

 

Fv615 gjennom Hyen. Foto: Even Hjelle, Statens vegvesen.
NVE hevar farevarselet til oransje nivå for både flaum og jordskredfare i helga. Her frå Svidalselva sist i august.
E39 Svidalsneset. Foto: Jan Helge Albu, Statens vegvesen.
Raset på sørsida av Jølstravatnet. Foto: Jan Helge Albu, Statens vegvesen.