Røykte hasj i Nordfjord og Oslo

Ein tenåring frå Sunnfjord er funnen skuldig i ha oppbevart mindre mengder amfetamin i Nordfjord. Han har òg brukt hasj ved to høve, i Nordfjord og i Oslo.

Tiltalte møtte ikkje i Sogn og Fjordane tingrett, men mannen har sagt seg skuldig i lovbrota under politiavhøyr. Det er gjort beslag av mindre mengder narkotika ved fleire høve. Dette styrkjer tilståinga. Retten kom til at ei bot på 6000 kroner er ein passeleg reaksjon på lovbrota. Sakskostnadane vart sette til 2000 kroner.