Illustrasjonsfoto: Paul Kleiven/NTB scanpix/NPK.

Røde Kors: – Folk viser fjellvit og koronavit

Røde Kors har 80 prosent færre søk og redningsoppdrag så langt i påska. – Turfolk følgjer både fjellvit- og koronavitreglane, opplyser redningstenesta.


Hittil i påsken har dei frivillige i vaktstasjonane til Røde Kors Hjelpekorps rapportert inn 18 søk- og redningsoppdrag, mot 97 i gjennomsnitt dei siste ti åra.


Tilbakemeldingane frå distrikta viser at folk tek omsyn til kvarandre og viser respekt for smittefaren, fortel Hans Jørgen Dokk frå Røde Kors kommunikasjonssentral for påsken.


– Vi synest folk oppfører seg eksemplarisk, seier Dokk, som er landsrådsmedlem i Røde Kors Hjelpekorps.


Det blir forventa større utfart skjærtorsdag, og Dokk ber turfolk i dei meir vêrutsette delane av landet passe på sterk vind, rasfare og utrygg is.


– Mange vil nok ut på tur. Så lenge ein er varsam og kler seg etter vêret, må påska nytast, seier Dokk.


(©NPK)