- Risikerer skade på publikum

Den kommunale nemnda som har arbeidd med planar om eit visingssenter i Astruptunet, har også sett på ei tilstandsvurdering av tunet, utarbeidd av Musea i Sogn og Fjordane.



Ifølgje denne vurderinga trengst det hastetiltak på tre av bygga. Det handlar om hovudbygningen, «Kjøkenstova» og «Bestastova». Dei to første er i dagleg bruk i turistsesongen.

Taklekkasje

Astrupnemnda har no sendt brev til kommunedirektør i Sunnfjord kommune, Ole John Østenstad, der dei ber om 50.000 kroner som hasteløyving for å ta dei verste skadane.

Den mest alvorlege skaden på hovudbygningen gjeld ein lekkasje på taket, ein lekkasje som har fått konsekvensar i form av roteskadar i takkonstruksjonen, og då er det snakk om sperre-endar.

– Veggen må undersøkast nærare for moglege skadar. Det hastar å få utbetra taklekkasjen for å unngå vidare roteskadar i konstruksjonen. Bygget har i tillegg svært mange dårlege vindauge som bør restaurerast i næraste framtid, skriv nemnda som også peikar på rotne torvhaldskrokar på vindfanget til «Kjøkenstova» og at torvhaldsstokken over inngangen kan falle ned.

– I verste fall risikerer ein skade på publikum som dagleg går inn her i sesongen. Lause kantsteinar på torvtaket er og på veg ut og må sikrast for å unngå at desse vert ein fare for publikum, heiter det i brevet der det blir sitert frå tilstandsvurderinga frå Musea i Sogn og Fjordane.

Verst med «Bestastova»

«Bestastova» er det vesle huset på oppsida av vegen rett før ein kjem inn i tunet. Dette er huset som Astrup i si tid bygde til svigermora som budde der på sine gamle dagar. Astrupnemnda siterer frå tilstandsrapporten der det står følgjande:

– Grunnmuren er svært dårleg og er utsett for mykje tilsig av vatn frå oversida av bygget. Muren har tydeleg fått nye skadar sidan NIKU tilstandsvurderte tunet i 2016. Taket er tidlegare sikra med stroppar (frå 2016), men torvhaldsstokkane er tydeleg på veg ut og har flytta seg mykje når vi samanliknar med bileta frå 2016. Når det gjeld laftet, er tømmeret i sørvestre hjørnet på veg frå kvarandre pga. roteskadde laftehovud. Fleire av skadane nemnde her er og nemnde i NIKU sin rapport frå 2016, men skadane har tydeleg vorte verre på desse tre åra. Etter vår meining hastar det å få sikra bygget då det kan utgjere ein fare for publikum om heile eller deler av konstruksjonen kollapsar.

– Som dette brevet viser, hastar det med å kome i gang med å utbetre noko av skadane, og vi håper formannskapet kan hastebehandle denne saka, og finne midlar slik at utbetring kan kome i gang. Vår vurdering er at det trengst ein oppstartsum på kr 50 000 for å utbetre dei verste skadane, skriv nemnda.