Jan-Erik Røneid på toppen av fjellet han likar betre enn noko anna fjell, Molden i Luster.

Tronar på toppen av Molden

For kongen av Molden er folka han møter på veg opp vel så viktig som utsikta på toppen.

Han går under namnet Moldenkongen, Jan-Erik Røneid (55), noko som kanskje ikkje er så rart. For få andre kan skilte med like mange turar opp til dette populære fjellet i Luster kommune.

Før mai i år hadde Røneid hatt 32 turar til toppen av det majestetiske fjellet. I fjor vart det 111 til saman. Året før tok han den førebelse rekorden med 112.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det starta vel det året eg fylde 50, då bestemte eg meg for å gå 50 turar opp til Molden før bursdagen min i september. Det klarte eg, og på slutten av året var eg oppe i 80, seier han, på kav lustradialekt.

Mannen har leddsjukdomen bekhterevs, og skal helst trimme jamleg.

– For meg er det veldig greitt å få bevege seg, sjølv om eg kanskje starta litt for seint, for no går eg som ei kråke, ler han.

Startpunktet for turen til favoritt-toppen ligg ti minutt unna heimen med bil, og så snart han får sjansen tar han seg ein tur. På toppen er det ifølgje Røneid makelaus utsikt.

– Eg brukar ein god time opp, og du får rett og slett veldig mykje utsikt for innsatsen, med fjord og fjell til alle kantar. Den kan absolutt måle seg med det du får sjå frå dei flottaste toppane her på Vestlandet, ivrar han.

Men for Moldenkongen er utsikta berre ein liten del av utteljinga.

Både på vegen opp og på vegen ned møter regenten det han likar kanskje endå betre enn Molden, nemleg folk. I alle aldrar og utgåver.

– Eg er nok det du kan kalle litt sosial av meg, smiler han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg likar å prate med folk. Av og til møter eg på personar som eg ser ikkje har lyst å prate, då lar eg dei berre gå forbi. Men treffer vi tonen, tar eg meg den tida det tar å slå av ein prat. Og spør gjerne om eg kan ta eit bilete i lag med dei. Så legg eg det ut på Facebook og Instagram, med løyve frå dei det gjeld, sjølvsagt.

Utsikt innover Lustrafjorden.

I starten var han ikkje nokon tilhengjar av sosiale medium, men lét seg etter kvart overtale av vener til å prøve. I dag er han ein ivrig brukar, og deler bilete og tankar frå både fjelltoppar og livet elles. Og målet, det er å halde det positivt.

– Mange vil nok kanskje seie at det er litt sjølvskryt, men det er ikkje meint som det. Det må vere moro, både for dei som les og for meg som skriv det. Eg kan ofte sitje og små-le av det eg sjølv har skrive fordi eg synest det er godt kome på, ler han.

Og med 100 turar i året blir det ein del innlegg.

– Ja, på grunn av det er det mange som trur eg er på Molden kvar dag, men det stemmer ikkje. Det er berre om lag tredje kvar dag, smiler han.

Kan ein så bli lei av dette fantastiske fjellet?

– Nei, i alle fall ikkje eg. No går eg faktisk andre plassar òg, i fjor sommar var eg til dømes på Eggenipa, det var ein veldig fin tur. Men kvifor skal eg køyre i to-tre timar kvar gong eg vil gå på fjellet? På vinteren går eg på ski, på sommaren på føtene – ofte på nattetid òg. Då startar eg i tretida på natta. Så kjem eg opp til at sola står opp innover Skjolden. Det er veldig fint, slår kongen fast.

Fakta Molden – «det finaste utsiktspunktet i heile Luster»

* Populær fjelltopp 1116 m.o.h. med utsikt til Sognefjorden i alle retningar.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Om sommaren er Molden ein fin familietur til fots og med sykkel. Ein må rekne med å bruke om lag halvannan til to timar éin veg, for å nå den mest kjende utsiktstoppen langs heile den lengste fjorden i Noreg.

* Sommarstid kan ein tur til Molden ei skyfri natt vere ei oppleving. Ta med mat og drikke og varme klede, og sjå sola stå opp over Jotunheimen kring klokka fire om morgonen.