Det er ikkje få timar Randi legg ned i dekorasjonane sine. – Eg likar best å kunne pynte med det eg har laga sjølv, det er kjekt å vite at det er unikt. Men eg er nok litt for nøye smiler ho.

Randi elskar å pynte til jul: – Minimalisme er ikkje noko for meg

– Eg må ha fri frå jobb og ingen rundt meg når eg skal pynte til jul. Mannen blir sendt ut av huset den dagen.

Randi Espe er litt over snittet begeistra for jul.

Når første søndagen i advent kjem har Randi stått klar i startgropa lenge, med julestjerner i alle vindauge. Utan lys i, vel å merke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Viktig med tradisjonar

– Eg slår dei ikkje på før advent, forsikrar ho.

Randi likar tradisjonar. Det har ho hatt med seg heilt ifrå barndomsheimen i Hornindal. Mor hennar Annie likte òg godt å markere julehøgtida.

– Men ho pynta aldri til jul før veslejulaftan. Då skulle heile huset vaskast, treet pyntast og juleløparane strykast. Når julaftan kom var mor heilt utsliten. Slik vil ikkje eg ha det. Eg vil kose meg i heile desember.

Les også
Hos Inger Karin startar julehandelen tidleg

Randi er utdanna hjelpepleiar og jobbar 50 prosent som nattevakt på Skei omsorgssenter. I tillegg er ho sensor for lærlingar og praksiskandidatar i Sunnfjord som går opp til fagprøve som helsefagarbeidar.

– I periodar har eg meir enn full stilling, og trivst veldig godt.

– Desse nissane som mor har laga, fekk eigentleg ballen til å rulle, seier Randi.

More is more

Fritida brukar ho i lag med dei fire barna og dei ni barnebarna. Resten blir brukt til å styre og stelle i huset i Vikavegen på Skei. Straks ein kjem inn døra blir det tydeleg at det her bur nokon som likar å lage det koseleg rundt seg. Ein myriade av levande lys i alle krikar og krokar, små og store figurar, pledd og puter, innramma bilete av familie og vener og små tablå og kosesoner i alle rom.

Å halde tilbake ligg ikkje for Randi, og varmen som både ho og interiøret utstrålar gjer det enkelt for ein gjest å finne roa.

Pynte- og skapargleda hennar gir seg til syne heile året, men det skrur seg nokre ekstra knepp til når det nærmar seg julehøgtida.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har alltid vore veldig julete, så lenge som eg kan hugse. Eg kan hugse at eg gleda meg til å kunne lage eigne tradisjonar, lenge før eg fekk ungar sjølv.

Ungane sine bunadar vart sydde om til storleik nisse: – Nissane såg litt trasige ut slik dei var, og eg fann ut at dei fortente noko meir, seier Randi.

Kose seg

Når dei fire ungane var små, var det julebrus, kakemannlaging og julesongar som gjaldt i heile desember, og treet fekk ungane vere med og pynte.

– Men det hende nok at eg var inn og finjusterte litt etter dei hadde lagt seg, slik at det var meir enn den eine greina nedst som fekk pynt, blunkar ho.

Tradisjonane held ho på enno, og bakar med barnebarna kvart år. Resten av baksten blir unnagjort i november, slik at ho og mannen kan kose seg med julekaker til kaffien i desember.

– Men vi et ikkje opp alt, eg må ha nok til at det kan stå julekaker på bordet heile jula òg, understrekar ho.

Les også
Jul i ny butikk

Ho likar å tenkje på at det går ei raud line frå hennar mor til sine ungar.

– Det er viktig å kose seg i lag med ungane, og halde på tradisjonane. Jentene mine har tatt med seg dette til sine heimar, det er kjekt å sjå. Gutane er nok litt meir tilbakehaldne, men eg ser at dei synest det er kjekt å kome heim til eit julepynta hus, sjølv om dei ofte synest eg styrar litt mykje, smiler ho.

Julestemninga snik seg opp på ein stakkars journalist når ein får slik bevertning i november.

Ro til å pynte

For det er ikkje berre å slenge ut eit par nissar og tenne ein adventsstake i Randi sin heim. Her snakkar vi heildagsprosjekt, og vel så det.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, eg må ha fri frå jobb og ingen rundt meg. Mannen blir sendt ut av huset. Eg må ha ro og tid til å sjå kva som passar. Det blir ein del prøving og feiling før eg får det slik eg vil. Ein nisse har gjerne prøvestått på eit par-tre plassar før eg bestemmer meg.

Noko eksakt tal på nissar, kransar og julelys har ho ikkje. Litt kjem til kvart år, og lite forsvinn ut.

Les også
På Skei er det jul året rundt

– Eg har nok vore oppe i 200 nissar. Eg har to skjenkar eg pyntar, og eg likar ikkje når det ser tomt ut, det skal vere bognande. Det kan vere litt travelt, sukkar ho og ler igjen.

– Nei, heilt ærleg så blir det ikkje eit ork, eg går eigentleg berre og gleder meg til eg kan starte. Då går eg i mi eiga verd og putlar og kosar meg.

Denne heldige nissen bur fast på hytta i Hornindal. – Eg visste at eg måtte ha ein heilårsnisse som heiter Kåre, etter ein klassekamerat av meg som bygde hytta vår. Han spelar i Hornindal spelemannslag, og då måtte han sjølvsagt få fele og felekasse òg.

Nissar på hytta

For mannen Geir kan det av og til bli litt mykje.

– På hytta i Hornindal er det Geir som bestemmer. Eg vil ikkje kalle det minimalistisk, men stilen er heilt klart litt meir nedstrippa der enn her heime, smiler ho.

Men Randi har likevel klart å lure inn nokre nissar. Mesteparten var naturleg nok raude i tøyet, og Randi fann fort ut at det fargevalet passa svært dårleg til påske. Og vips så hadde nissane fått sesongriktige fargar på seg.

– Det er klart at dei måtte få pynte seg i gult til påske, det seier seg sjølv. Men no har eg slutta med det, altså. Det vart litt mykje arbeid, ler ho, og fortel at ho i staden har strikka heilårsplagg til hyttenissane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølvgjort er velgjort

Heime på Skei står det to nissar og passar på sofaen i stova. Dei er kledde i haustfargar for augeblikket. Når Randi kjøper nissar ser ho på dei meir som eit utgangspunkt enn eit ferdig produkt. For det aller kjekkaste ho veit er å lage dekorasjonane sjølv.

– Det er mykje kjekkare å lage ting, enn å gå å kjøpe noko i butikkane som alle andre har. Det er klart det tar litt tid, men som regel så får ein eit bra resultat berre ein legg litt i det.

Spelarbyte: I desember blir desse nissane og kransen sett på benken medan julelaget tar over.

Rask i vendinga

Når inspirasjonen kjem, er det om å gjere å handle raskt.

– Eg kan sjå noko i eit blad, og bli veldig engasjert og motivert. Då må det skje med éin gong, ideen må bli sett ut i livet så raskt som mogleg, seier ho.

Hennar siste prosjekt er kransar pynta med strikka graskar. Opphavleg var dei berre tenkte som haustkransar. Men ho likte dei så godt at ho ville prøve å lage ein med graskar strikka i gull-, sølv- og bronsetråd. Då vart dei straks meir julete.

– Mange vil vel tenkje «graskar i ein julekrans? Går det an?» Men alt går, det er berre å vere kreativ, seier den juleglade dama.

– Fleire har spurt om dei kan få kjøpe kransane, men eg er så nøye og brukar så lang tid på dei, at det hadde blitt altfor dyrt, seier Randi.