Familiebedrift: Alle må bidra når julerushet set inn. F.v.: Dotter Linda Støylen, Ellinor Vereide Støylen og bror Per Rune Vereide.

Julestemning i bytter og spann

Når du stig inn i det inste lokalet i butikken til Hageland på Sandane før jul, stig du inn i ei verd der det ikkje er plass til kynisme.

Det minste spor av julepyntskepsis blir skrella vekk når du støyter på ein fallskjermhoppande nisse, ei florlett adventsstjerne, eller ein julefrosk som har pynta seg i kjole.

For ein kvar smak

I Julelandet på Kattahamrane er det plass til dei som likar nissane sine raude i kjakane og med tradisjonsstrikk over ein mage full av graut. Sjølv dei som køyrer ein strammare stil der eleganse trumfar tradisjon, vil òg kunne plukke seg ut noko frå hyllene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forventningsfulle nissar er spennklare til å feire jul i ein ny heim.

For resten av oss som seier «Ja, takk» til alt som feirar både kvardag og fest, må halde godt på lommeboka. For her er det mykje som glitrar.

– Det er veldig kjekt med sesongar, og at ein kan gjere så pass mykje ut av den korte sesongen som jula eigentleg er, seier dagleg leiar Ellinor Vereide Støylen.

Sjølv amfibium kan kjenne på juleglede.

På fjerde året

Ho har gleda seg til denne helga sidan seinsommaren.

– Vi hadde Juleland her ute for første gong i 2019, og det var nok litt kaotisk dei første åra med å få alt på plass. Men no føler vi at vi har fått kontroll, og har klart å skape noko heilskapleg, smiler ho.

Hageland-butikkar over heile landet har fast juleopning i byrjinga av november.

– Det er veldig kjekt for oss som jobbar her å få forandre frå sommar til jul, det er ein ganske stor kontrast. Vi likar å lage det koseleg og gje kundane ei oppleving.

Jul frå golv til tak.

Julebilete

Heile rommet er fylt opp med store og små juletre, og i eitt av trea har ein heil julelandsby slått seg ned, komplett med togbane og kyrkje.

I andre enden er det laga til ei lita julehole der ein kan setje seg og berre ta inn stemninga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Den har allereie vore flittig brukt til å ta bilete i, smiler ho.

Vereide Støylen kan avsløre at fleire av kundane har starta på julehandelen allereie.

– Ja, nokre av dei har no gått og venta på dette her, ler ho.

– Vi har kundar frå heile området, men lokalbefolkninga er veldig flinke til å kome innom.

Elegante englar.

Juledekorasjonar

Noko juleslager hos kundane klarar ho ikkje å plukke.

– Nei, det går litt av alt i grunn. Vi har eit godt utval av kunstige juletre, det er populært, og julekuler i alle variantar går det sjølvsagt ein del av. Så sel vi ein del utstyr til å lage juledekorasjonar sjølve.

Sjølvgjort er velgjort, og dei siste åra har denne aktiviteten auka i popularitet igjen.

– I år håpar vi å kunne arrangere dekorasjonskurs igjen, etter nokre års koronapause.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein liten nisse held seg fast medan han beundrar julelysa.
Berre sjå, ikkje røre: Freistande for både små og store å flytte inn i julelandsbyen.