Daiva Vereide kosar seg med julehandelen i ny butikk.

Jul i ny butikk

Etter eit halvt år i nye lokale er Daiva Vereide klar til å ta imot kundane i julepynta butikk.

Hos Daiva i Grandavegen på Sandane er det koseleg stemning uansett tid på året, men når det nærmar seg desember går trivselsfaktoren opp endå eit par hakk.

God stemning

Når ein stig inn dørene her ser, høyrer og luktar ein jul i kvar ein krik og krok.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det bognar av julekuler, englar og lys i alle variantar, og julestemninga kjem fort krypande.

– Eg har ikkje fått inn alt heilt enno, men vi skal ha nok til alle, smiler Daiva.

Visuell glede

Som tidlegare er det juletrepynt og dei eksklusive julekulene som er kundefavoritten, men her er det mykje å velje i.

– Eg håpar at folk ikkje berre tenker på høge straum- og drivstoffprisar, sjølv om det er eit spesielt år. Ein må ha litt pengar til visuell glede òg, det er viktig å kose seg, særleg til jul, oppmodar ho.