Sandane golfklubb: Sandane Golfklubb er snart ferdige med klubbhuset til seks mill. kroner. Det er utført over 4000 dugnadstimar. Harald Buene (t.v.) klubbleiar og grunneigar og drivar Didrik Eide.

Golfklubben skal snart opne det nye klubbhuset

Etter meir enn to års innsats og over 4000 dugnadstimar nærmar den offisielle opningsdagen seg. Sandane Golfklubb er i ferd med å få eit klubbhus å vere stolte over.

Grunnarbeidet starta for to og eit halvt år sidan. Betongplata vart støypt i november 2017, og plata over kjellaren vart støypt på nyåret i 2018.

Tett hus

Deretter brukte klubbmedlemmene tid på å innreie kjellaren og få på plass den etterlengta golfsimulatoren.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I november starta vi med reisverket og hadde tett tak til jula 2018, fortel Didrik Eide. Han er eigar og drivar av golfbana. Ikkje minst syter han for at golfbana er i best mogeleg stand. Nett no er han omvisar, medan klubbleiar Harald Buene er oppteken med å gje elevane på idrettslinja ved Firda vgs. innføring i kunsten å spele golf.

– Vi har brukt eitt år på å isolere og innreie bygget, fortel Didrik. Det var eit mål å bli ferdig i løpet av mai, men det sette koronapandemien ein stoppar for.

Dette blir storstova i klubbhuset. - Vi tenkjer at huset kan leigast ut til jubileum og konfirmasjonar t.d., seier Didrik Eide.

Stort bygg

Grunnplanet er på 150 kvadratmeter, medan etasjen over er 100 kvadratmeter. Nede er det lagerrrom for medlemmar sitt golfutstyr, anna lager, toalett og diverse andre rom, medan golfsimulatoren tek det meste av plassen.

I etasjen over er det m.a. kjøkken, toalett, kontor og eit stort forsamlingsrom.

– Vi tenkjer at utleige til jubileum, konfirmasjonar og andre tilskipingar kan gje klubben litt inntekter, seier Didrik.

Rundt heile bygget er det ein terrasse med unntak for den overbygde fronten mot golfbana og elva. Her er det mogeleg å nyte naturen, ikkje minst Eidsfossen som kastar seg buldrande utfor i bakgrunnen. Vi torer påstå at dei færraste golfbaner har tilsvarande naturkvalitetar å tilby både gjester og golfspelarar.

Kjellaren inneheld lagerrom for medlemmer sitt golfutstyr.

Miljøfaktor

- Vi er overtydde om at klubbhuset vil vere veldig positivt for klubbmiljøet. No får vi ein plass å samlast til møte, arrangement og sosialt fellesskap, seier Didrik Eide.

Klubbhuset er finansiert med spelemidlar, kommunalt tilskot, sponsormidlar og midlar frå Sparebankstiftinga i tillegg til eigne midlar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Tok elevane med på golfbana

Men først og fremst er det lagt ned ein enorm dugnadsinnsats.

– Vi kjem til å passere 4000 timar med god margin når vi er ferdige, seier Harald Buene. Han håpar klubbhuset vil føre til fleire medlemmer og auka aktivitet.

Dersom alt går etter planen, vert det offisiell opning i august.

Golfsimulatoren tek det meste av plassen i kjellaren.