Heim   >   Fylket   >   Reksten til topps i Landsskyttarstemnet

Leif Reksten. Foto: Per Svein Reed.

Reksten til topps i Landsskyttarstemnet

Leiv Reksten frå Lote gjekk heilt til topps i klasse V55 under Landsskyttarstemnet på Evjemoen i Aust-Agder søndag.

Reksten, som representerer Nordbygda og Rand Skyttarlag, leia med eitt poeng før finaleskytinga. Den næraste konkurrenten skaut 100 poeng i finalen, og nordfjordingen var avhengig av å gjere det same for å gå til topps.

Det greidde han, og enda på sterke 348 poeng totalt.

– Eg hadde aldri trudd eeg skulle vinne Landsskyttarstemnet nokon gong, så dette er utruleg stort for meg, sier Reksten til Det Frivillige Skyttervesen si nettside.

På dei neste plassane følgde Torfinn Gaustad, Trøgstad med 347 poeng og Jan Vidar Lundtveit, Drangedal med 346.