Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Rekordresultat for Sparebanken

Sparebanken Sogn og Fjordane har i dag presentert rekneskapen for 2019 med eit svært godt resultat.

Inntektene auka med 167 millionar kroner frå året før og resultatet før skatt enda på 696 millionar, noko som er rekordhøgt, skriv banken i ei pressemelding.

Det gode resultatet kjem kundane til gode gjennom auka utlånskapasitet og gåver til lokalsamfunna og utbytte til eigarstiftingane våre.

- For banken er det særleg viktig å understreke vår rolle som bank for næringslivet i Sogn og Fjordane. Gjennom 2019 auka banken utlåna til næringslivet vårt med 500 millionar kroner og det gode resultatet gir banken kraft til å satse vidare her i Sogn og Fjordane, seier Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane i pressemeldinga.

- Utlånsveksten tyder også på at det er god aktivitet og investeringslyst i næringslivet.

Banken er den fremste finansieringskjelda for næringslivet i Sogn og Fjordane. Seks av ti aksjeselskap i området er kundar i banken, og sjølv om fylket har fått nye grenser vil Sparebanken Sogn og Fjordane på næringslivssida halde fram med å ha fokus i banken sitt kjerneområde.

- Vi er stolte over å ha musklar til å ha ein offensiv bedriftsmarknadsstrategi i ein region andre bankar har mindre merksemd rundt. Ein sterk regional sparebank er viktig for eit levande næringsliv. Det er eit av våre viktigaste samfunnsoppdrag, seier Teigene.

Framleis god vekst i privatmarknaden

Utlånsveksten i privatmarknaden auka i 2019 med 2,1 milliardar kroner. Av dette kjem 1,4 milliardar i Sogn og Fjordane, ein auke på 6,7 prosent berre i Sogn og Fjordane.

- Med ein vekst på 6,7 prosent i Sogn og Fjordane har banken nok eit år styrka sin marknadsposisjon som den leiande banken i kjerneområdet. Nærare ein av to innbyggjarar i Sogn og Fjordane er kunde hos oss. Samstundes har vi 43 prosent av kundemassen på privatmarknaden i resten av landet.

Overskot tilbake til samfunnet

171 millionar kroner av resultatet er sett av til gåver og utbytte til eigarstiftingane Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Fjaler, som igjen gir ut gåvemidlar til lokalsamfunnet. I 2019 gav banken og stiftingane ut om lag 50 millionar kroner i gåve- og sponsormidlar til prosjekt over heile Sogn og Fjordane, og akkurat no kan alle lag og organisasjonar på ny søke om gåvemidlar til sine prosjekt via stiftinga. Fristen for å søke er 1. mars.

- Visjonen vår om å vere ei «Drivkraft for Sogn og Fjordane» står fast sjølv om Sogn og Fjordane no er ein del av det nye fylket Vestland. Overskotet vårt går også i framtida tilbake til denne regionen gjennom små og store løft innan næringsliv, utdanning, kultur, forsking, idrett og helse. Vi skal byggje kunnskapsmiljø og arbeidsplassar i Sogn og Fjordane, seier administrerande direktør Teigene.

Sjølv om Sparebanken Sogn og Fjordane ikkje endrar visjonen sin, er Teigene klar på at Vestland gjev  moglegheiter.

- Vi har blikket fram. Banken skal bidra til å styrke nettverk og tiltak som tenker stort utanfor dei historiske fylkesgrensene. Fylkesgrensene har aldri vore ei avgrensing for oss. Vi har jobba landsdekkande i over 20 år og har kundar over heile Norge, og er den sparebanken i landet som har størst forretningsvolum utanfor kjerneområdet vårt, med rundt halvparten av kundane våre utanfor dei historiske fylkesgrensene, seier

Den nasjonale kundeundersøkinga EPSI 2019 fortel at ingen sparebankar i landet leverer betre kundeopplevingar enn Sparebanken Sogn og Fjordane, både i møte med den gode rådgjevaren og gjennom enkle digitale løysingar.

- Det er ekstra kjekt at kundane gir oss gode tilbakemeldingar. Den same undersøkinga kårar oss til best på tillit og samfunnsengasjement. Kvar einaste veke er engasjerte tilsette ute med bidrag som gjer ein skilnad i dei mange lokalsamfunna i Sogn og Fjordane, seier Teigene

Berekraft i fokus

I 2019 gjorde og Sparebanken Sogn og Fjordane det bra i likestillingsundersøkinga SHE Index.

- Vår satsing på likestilling og mangfald blir lagt merke til nasjonalt. Å bli kåra til best i landet på likestilling av SHE Index hausten 2019, betydde mykje for oss. Dette er også viktig for å vere ein attraktiv arbeidsplass. Banken står i eit omfattande kompetanse- og generasjonsskifte og dei siste tre åra har vi tilsett 80 nye medarbeidarar, fortel Teigene.

I 2019 vart banken sertifisert som Miljøfyrtårn og vart den andre sparebanken i landet som tilbyr grøne obligasjonslån.

- Menneskeskapte klimaendringar er eit kollektivt problem, der alle må bidra. Sparebanken Sogn og Fjordane er, i eigenskap av å vere ein viktig samfunnsaktør, svært oppteken av å bidra til at våre kundar og investorar kan ta del i det grøne skiftet og utvikling tilpassa eit lågutsleppsamfunn. Arbeidet med ein grønare bank held fram med full kraft i 2020, fortel den administrerande direktøren.

HOVUDLINJER PER 4. KVARTAL 2019


  • Netto renteinntekter 938 mill. kr (862 mill. kr)

  • Resultat finansielle instrument 147 mill. kr

  • (61 mill. kr)

  • Driftskostnader 492 mill. kr (460 mill. kr)

  • Tap på utlån 40 mill. kr (16 mill. kr)

  • Totalresultat 553 mill. kr (459 mill. kr)

  • Eigenkapitalavkastning 11,9 % (10,6 % p.a.)

  • Kapitaldekningsprosent 19,8 % (18,4)


(2018-tal i parentes)