Dette huset på Vassenden vart nyleg selt for nesten seks millionar.

Rekordpris for hus i Jølster

Nyleg var det seld eit hus på Vassenden i Jølster for den nette sum av 5.750.000 kroner. dette er truleg rekord for eit bustadhus i Jølster.



Vassenden-området med sin nærleik til Førde har blitt eit attraktivt buområde. Det har også vore mangel på tomtar og bustader her.

Mange faktorar spelar inn

Dagleg leiar i eigedomsmekling Sogn og Fjordane, Frank Robert Klakegg, har ikkje vore involvert i salet av dette huset, men tykkjer det er ein god pris for eit hus i Jølster.

– Dette huset er stort, det har stor garasje med nærleik til vatnet og flott utsikt. Dette er ting som alltid påverkar prisen på eit hus, seier Klakegg.

– Kva med nærleik til Førde?

– Ja, det er nok ein faktor som til ei viss grad spelar inn, men produktet generelt og plasseringa er ofte like viktig, peikar han på.

God utvikling i Førde

Når det gjeld prisutvikling på bustader i Sogn og Fjordane, er Klakegg klar på at det har vore ei god utvikling i Førde inneverande år, medan det i resten av fylket er meir stabilt.

– Her i fylket har vi korkje dei store toppane eller dei djupe dalane når det gjeld bustadprisar, men Førde peikar seg nok ut når det gjeld prisutvikling her i fylket inneverande år.

– Går det an å seie noko om prisnivået på Vassenden kontra Skei?

– Er det eit godt hus med fin plassering, vil du truleg oppnå like bra pris på Skei som på Vassenden. Nærleik til vatn og sjø vil alltid verke positivt på prisen, seier Klakegg.

Vart verande i familien

Huset som vart selt på Vassenden var 16 år gammalt, og seljarane var familien til den første eigaren som er død. Bror til den første eigaren, Sverre Gjesdal, som er ein av seljarane, fortel at prisen på nesten seks millionar var taksten og at det var sonen hans som kjøpte det.

Når det gjeld prisen, er Sverre Gjesdal stort sett samd med Frank Robert Klakegg. Han peikar på at huset er stort og at det ligg fint til. Seljarane har ikkje brukt meklar ved dette salet, men selde det internt i familien.

– Eg tykkjer det er bra at huset vert verande i familien, seier Gjesdal, som tykkjer sonen har fått seg eit fint hus.