Heim   >   Nyhende   >   Rekordmange villsvin skotne i Sverige

Nærare 115.000 villsvin vart skotne i Sverige i fjor. FOTO: Kyrre Lien / NTB scanpix / NPK

Rekordmange villsvin skotne i Sverige

Det vart skote nærare 115.000 villsvin i Sverige i fjor. Det er ein auke på meir enn 50.000 dei siste ti åra.

I jaktåret 2017/2018 vart det skote 114.831 villsvin i Sverige. Det er ein auke på 11.908 dyr frå året før, og ein auke på meir enn 50.000 dei siste ti åra, skriv Nationen.

Daniel Lignè er konsulent for riksjakt i det svenske jegerforbundet og seier det er naudsynt å auke tempoet på jakta.

– Gode fôrforhold og milde vintrar mange stader har vore positivt for villsvina. Jegerforbundet har vore tydleg i sitt råd til jegerane i landet om at det er naudsynt med meir jakt. Det er også positivt at delen av felte villsvin som er under eitt år aukar, seier han.

 (©NPK)