Heim   >   Nyhende   >   Rekordmange medlemmer i SV

Akerselva Kvinnekor syng bak parolen «Forsvar selvbestemt abort – fjern nemndene» under markeringa av den internasjonale kvinnedagen på Youngstorget i Oslo. Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB scanpix/NPK.

Rekordmange medlemmer i SV

SV har aldri hatt fleire medlemmer enn no og nesten 70 prosent av dei nye medlemmene er kvinner. Partileiar Audun Lysbakken trur abortstrida har hatt mykje å seie.

Sidan nyttår har partiet fått 2.771 nye medlemmer, skriv Klassekampen. Det gir eit medlemstal på 14.627. I 1989 og i 1993, to tidlegare toppår i SV, hadde partiet høvesvis 13.000 og 11.000 medlemmer.

– Dette er kolossalt inspirerande for oss. Det viser også at den veksten partiet er inne i no, ikkje berre er eit hopp på målingane, men også ei kraftig styrking av partiorganisasjonen, seier Lysbakken.

Partileiaren trur at regjeringsutviklinga i vinter har bidratt til veksten. Då opna den blåblå regjeringa for abortinnstrammingar som fjernar sjølvavgjerda til kvinner når det gjeld tvillingabort. Men Lysbakken seier veksten ikkje berre handlar om protest mot regjeringa.

– Viss ein ser på tala frå 2013 til i dag, så ser ein jamn og solid medlemsvekst. Så fekk vi sjølvsagt eit ekstra rush då mange vart provoserte av Erna Solbergs angrep på abortlova i haust og i vinter. Men veksten er langvarig, seier han.

Fredag held SV landsmøtet sitt på Gardermoen. (©NPK)