Heim   >   Nyhende   >   Rekordhøge straumprisar for hushalda i 2019

Rekordhøge straumprisar for hushalda i 2019

Gjennomsnittsprisen for kraft i 2019 enda på 48,7 øre/kWh. Medrekna nettleige og avgifter enda gjennomsnittet på 115,9 øre/kWh for hushalda, skriv SSB.

Det er spesielt høge straumprisar i første halvdel av 2019 som har vore med å dra opp gjennomsnittet av året, skriv Statistisk sentralbyrå. Dei forklarer òg at høg kvotepris på CO2 kvotar gjer at straumprisen går opp, noko ein såg i 2019.

Ein gjennomsnittspris på 115,9 øre/kWh svarar til 18.544 kroner for eit hushald som brukar 16.000 kWh i året, som var snittet for bruk i 2016.

Den totale straumprisen i 2019 var éin prosent høgare enn i 2018. (©NPK)