Rekordår i skogbruket

Skogeigarane selde over 11 millionar kubikkmeter tømmer til industriformål i fjor, viser tal frå Landbruksdirektoratet. Det er over 2 prosent meir enn i 2018, og i siste 10-års periode har volumet auka år for år. Tømmeret har ein bruttoverdi på over 4,8 milliardar kroner for skogeigarane.


Gjennomsnittleg tømmerpris var på 430 kroner per kubikkmeter, også dette er høgare enn nokon gong tidlegare. Auken frå 2018 er på 6 prosent.


Den månadlege tømmerprisen låg derimot på det høgaste vinteren 2019 og har etter det hatt ein nedgåande trend.


Det er grantømmer som oppnår den høgste gjennomsnittsprisen.


Austlandet har mest skog og det er også her det vert hogge mest. Men hogsten aukar mest i vestlandsfylka, her er det ein auke på 14 prosent frå 2018. I Trøndelag er hogsten derimot redusert litt dei seinare åra. (©NPK)