Skogeigarane selde 10,95 millionar kubikkmeter tømmer til industriformål i fjor. Foto: Lise Åserud/NTB scanpix/NPK.

Rekordår for skogbruket

Det var rekordhøg hogst i Noreg i 2018. Skogeigarane selde 10,95 millionar kubikkmeter tømmer til industriformål i 2018, går det fram av tal frå Landbruksdirektoratet.


For skogeigarane utgjer tømmeret ein bruttoverdi på 4,46 milliardar kroner. Fjorårets avverking er den høgste avverkinga som er registrert, og ligg over tre prosent meir enn året før.


– Skogbruket gir grunnlag for næring og arbeidsplassar over heile Noreg, samtidig som skogen er del av løysinga på klimautfordringane. Skogen tar opp omtrent halvparten av dei samla norske klimautsleppa, seier landbruks- og matminister Bård Hoksrud.


Hogsten er størst i Hedmark, med 27 prosent av hogstvolumet, følgd av Oppland (13 prosent) og Buskerud (10 prosent). Lågast er hogstvoluma på Vestlandet og i Nord-Noreg. (©NPK)