Heimeprodusert spekemat med poteter tykkjer Anne Kristin er den beste sommarmaten.

– Reiseradioen høyrer sommaren til

Namn: Anne Kristin Utheim Rønnekleiv


Alder: 45


Sivil status: Gift med Jon Martin, 3 born.


Bustad: Kleivane i Hyen


Yrke: Sjølvstendig drosjeeigar i Hyen


 

Kva er din favorittaktivitet i ferien?


– Eg likar godt å gå på fjellet og å bade. Det har blitt ein del bading i sommar, då vêret har vore fint.


Kva blir høgdepunktet i sommar?


– Det har vore fleire høgdepunkt i sommar. Å få ungane heim på ferie frå studiar er alltid kjekt. Eg har vore i bryllaup til eit tantebarn, noko som var stor stas. Konsert med Mark Knopfler i lag med vener var veldig kjekt. No reiser vi snart på årets ferietur til Sverige, det ser eg fram til.


Om du var guide for ein dag, kva ville du syne fram på heimstaden din?


– Her er mykje fint i Hyen, så eg ville synt litt av kvart. Colombusparken i sentrum er verdt eit besøk, saman med ein tur innom butikken vår. Vi har eit flott idrettsanlegg her som vi er kry av. Eg ville latt mannen min synt ein ferdig hyebåt med guida tur. Her i området finn ein også mange naturperler, så eg ville tatt med folk til Gjengedalsmarka og på ein båttur inn Storevatnet til Byrkjeneset, med stopp på Pettersen-hytta ved vatnet.


Kva meiner du er den beste sommarmaten?


– Spekemat og poteter, helst vårt eige spekekjøt. Til dessert et eg rips og jordbær med vaniljesaus.


Kvar er ditt ferieparadis og kven vil du ta med dit?


– Eg har i grunn ikkje eit spesielt ferieparadis, men familien måtte blitt med på tur. Når det er sommar og fint vêr, tykkjer eg det er finast heime på tunet i Hyen. Då steller eg i hagen og tar livet med ro.


Kva greier du deg ikkje utan om sommaren?


– Sol og varme er eg nøydd å ha. Eg klarar meg heller ikkje utan gloppejordbær. Det er forferdeleg om vi er vekkreiste når jordbæra er modne og vi går glipp av dei.


Favoritt dialektord eller -uttrykk?


– Eg er glad i ord og uttrykk og snappar opp mykje frå drosjepassasjerar. Sytalaust og andøge er nok mine favorittar.


Kva for drikke kjøler du deg ned med i sommarvarmen?


– Farris og vatn går det mykje av. Om eg har ferie, tar eg meg ei kald øl på verandaen og nyt utsikta nedover dalen.


Kva skal til for at du skal kome i sommarstemning?


– Først og fremst må det vere fint vêr. Reiseradioen på P1 høyrer også sommaren til, og gjev meg sommarstemning.


Kven vil du helst ta ein sjølvi med og kvifor?


– Eg er ikkje flink på sjølviar og driv ikkje på med det. Men om eg skulle tatt eit bilete, måtte det bli ilag med borna.


Kva for musikk får deg i godt humør?


– Det er mykje forskjellig. Eg er eit radiomenneske, og høyrer på det som kjem. I sommar har eg fått ein ny gladsong, Dance Monkey med songen «Tones and I». Den likar eg godt, og songen har ete seg innpå meg.


Kvar tar du helst ein dukkert?


– I Langevatnet på Rognkleiva eller i stølselva på Ommedalsstøylen likar eg best å ta ein dukkert.


Kva likar du best – tidleg morgonstemning eller seine sommarkveldar?


– Ja takk, begge deler. Eg står opp tidleg, lagar meg kaffi, set meg ut med radioen og les meg opp på dagens nyheiter. Seine sommarkveldar likar eg også godt, og eg er blant dei som sit lengst oppe. Det er fint å sitje på altanen med familie og vener på kvelden.


Kva drøymer du om?


– Eg drøymer i grunn ikkje om noko spesielt. Det hadde vore fint å vinne i Lotto, men då må eg først starte å tippe.


Kven vil du sende ei sommarhelsing til?


– Alle mine viktige og gode kundar i drosja vil eg sende ei sommarhelsing til. Eg vil også helse til vener og kjende med ønske om ein god sommar.