Programvertane Else Kåss Furuseth og søster Cecilie er klare for sending. Kvar dag denne veka skal dei på lufta frå Gloppen Camping og Fritidssenter.

Reiseradioen er klar for sending

 

 



Med nyplukka jordbær på bordet gjekk Else og Cecilie Kåss Furuseth på lufta frå Gloppen Camping og Fritidssenter i dag. Denne veka skal Reiseradioen sende frå Sandane.

– Eg er ikkje nervøs for sjølve sendinga, men det er spennande om alt det tekniske fungerer, seier Else Kåss Furuseth. Med øyretelefonar og mikrofon svinsar ho rundt for å teste ut lyden, medan søster Cecilie sit under teltduken med utsyn ut fjorden og førebur seg

Ferske jordbær

Etter kjenningsmelodien er dei to fulle av lovord om det dei såg ut flyvindauget på veg til Sogn og Fjordane. Dei er heller ikkje skuffa over det dei har rundt seg på sendestaden. Fjorden ligg blank, og sola kikkar stadig oftare fram i det skyene litt etter litt forsvinn. Ein og annan campingturist tuslar forbi.

Dagens første gjest er ordførar Leidulf Gloppestad. Han dukka opp nokre minutt før sending med fleire korger nyplukka jordbær og bringebær.

– Det er dei beste bæra vi har smakt, seier dei to programvertane medan det vert spelt musikk. Alt det tekniske fungerer som det skal, alle briker er på plass, og den profesjonelle roen både bak og framfor mikrofonen har senka seg. Men det er også rom for improvisasjonar som når Else utan forvarsel bankar på døra til ei av campinghyttene.



God mottaking



 

– Det er kjempefint og kjekt å kome hit, seier prosjektleiar Eva Berget. Ho fortel om ein hyggjeleg velkomstkomité, og om campinggjester som rydda og luka i blomsterbeda framfor vognene sine.

– Reiseradioen er på plass her med ein stab på sju personar. Første dagen er mest spennande. Alt det tekniske må fungere, seier ho. Tallause leidningar går i alle retningar, inn og ut av diverse bilar. Det er teknisk utstyr rundt om, klargjort scene og eit par store lastebilar. Det meste er også klargjort for Sommeråpent-sendingane som startar seinare i dag.

– Inkludert Sommeråpent er vi om lag 40 personar, seier Eva Berget. Etter fleire år på farten for å lage sommaradio og sommar-TV er har ho ein erfaren gjeng med seg.

– Men så er det også kvart år nokre nye folk i staben slik at det alltid er spennande, seier ho.



Alt klart

Eva Berget fortel at noko av innhaldet i dagens sending er planlagt, og noko er slikt som programvertane tek meir eller mindre på sparket. Det handlar om å kome til ein ny stad og bli kjent med folk og finne ut kven dei vil invitere som gjester.

 

 

– I dag har vi det meste klart. Det kjekke med radio er at det er så kort veg frå ide til vi går på lufta med det, seier Eva. Dagens første gjesti  Reiseradioen er ordførar Leidulf Gloppestad. Han dukkar også opp på Sommeråpent.

– Han møtte oss med lokale jordbær også i går, fortel ho.

Kvar dag denne veke skal det sendast frå Gloppen Camping og Fritidssenter med Else og Cecilie Kåss Furuseth bak mikrofonane.

Dagens første gjest er ordførar Leidulf Gloppestad. Han stilte med nyplukka bringebær og jordbær.
Alt er rigga og klart til Sommeråpent-sendingane som startar i kveld.
Dette er gjengen som syter for at Reiseradioen kjem på lufta.