Home   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Reinsking og sikring på fv. 615 i Hopsstranda

Arkivfoto.

Reinsking og sikring på fv. 615 i Hopsstranda

I går vart det starta opp arbeid med reinsking og sikring av Fylkesveg 615 i Hopsstranda i Hyen.

Frå og med i dag, tysdag, vert vegen stengd inntil to timar dagleg i tidsrommet 07.00-19.00.

Stengetidene er tilpassa rutegåande bussar. Arbeidet er venta å vare fram til jul.