No er det klart at dei sju rehabiliteringsplassane i Sunnfjord kommune kjem på Skei

Rehabiliteringsplassane blir på Skei

Sunnfjord kommunestyre vedtok torsdag at dei sju, planlagde rehabiliteringsplassane i kommunen skal vere på Skei. Dette er i tråd med tilrådinga frå kommunedirektør Ole John Østenstad og ein del av organiseringa av helse og omsorg.



Men det kom fram, i det som var av debatt,  at det hadde vore ulike meiningar i utval og råd om kor vidt det var rett å legge desse plassane til Skei, eller ikkje.

Motstand i eldrerådet

Det kom fram av utvalsleiar Sara Marie Horsevik (Ap) si utgreiing at det hadde vore usemje i eldrerådet og at det der kom ei protokolltilførsle frå Joril Viken Sandnes som gjekk på at det ville bli for lang reisetid til Skei og at rehabiliteteringsplassane burde leggast til Førde. Eldrerådet gjekk likevel samrøystes inn for rådmannen si tilråding, det same gjorde Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne, men dei tok med seg eldrerådet sin merklnad.

Det var også debatt i Utval for helse og omsorg, fekk vi vite.

- Plassane for rehabilitering skapte debatt. Det er langt frå Instedalen i Naustdal til Skei, sa Dag Rune Mallasvik (H) og Ivar Svendsøy (Ap) meinte også at det var mest usikkerheit rundt dette med rehabiliteringsplassane og han ville ha ei brukar- og medarbeidarundersøking for å lodde stemninga. Ap ville også ha kommunedirektøren til å vurdere det framtidige behovet for institusjonstenester og omsorgsbustader i Sunnfjord.



Raudt gjekk i mot

Den einaste som klart og tydeleg gjekk i mot å legge rehabiliteringsplassane til Skei, var Páll Helgi Hannesson (R)

- Eg lyttar til  brukarane sine råd, sa han og synte til Eldrerådet og Råd for menneske med nedsett funksjonsevne, og den protokolltilførsla som kom den vegen.

Reidun Støfring (Sp) meinte at dette med å vurdere framtidige behov, var greit nok, men ho meinte også at det ikkje skulle vere meir vurdering av helsetenester enn andre tenester.

- Og kva med det økonomiske om rehabiliteringa blir lagd til Førde?, spurde ho med adresse til kommunedirektøren.

Svaret frå han var klart og tydeleg.

- Då må vi bygge opp dette tilbodet i Førde. På Skei ligg det veldig godt til rette.

Til slutt vart kommunedirektøren sitt framlegg i seks punkt vedteke. Men når det kom til punktet om rehabiliteringsplassar, så gjekk Raudt i mot.

 

Raudt sin Páll Helgi Gunnarsson var den einaste som stemde i mot å legge rehabiliteringsplassane til Skei