Det blir for lite parkeringsplassar i Sandane sentrum, meiner Roar Henden.

Reguleringsplan utan parkeringsplan

Diskusjonen kring den nye sentrumsplanen for Sandane sentrum handlar verken om skyttargraver eller fanden på veggen. For min del handlar den kun om sunn fornuft og fakta. Og fakta som taler for seg sjølv.




Av Roar Henden

Det har blitt veldig klart den siste tida, at administrasjonen i Gloppen kommune og næringslivet i Sandane befinn seg på to forskjellige planetar. Dette vart spesielt klart for mange butikkdrivarar på butikkmøte den 2. oktober der næringssjef og ordførar viste manglande innsikt i kva konsekvensar planen kan få for næringslivet på Sandane. Men det trur eg dei kjem til å forstå ganske brutalt etter å ha lest alle merknadane til planen som no ligg på postloggen til kommunen.


Det har vore mykje fokus på parkeringsplassar i Sandane sentrum. Sentrumsplanen er mykje meir enn dette. Den heng også saman med kommuneplanen med samfunnsdel, Energi- og klimaplan, NVE sin plan for flaumsikring mm. Men ein plan for infrastruktur med parkering er utegløymt. I prosessen med parallelloppdraget og ny reguleringsplan har ein galant hoppa bukk over dette punktet og lagt til grunn det arkitektane og ei parkeringsanalyse seier. Ein har så fått til eit vedtak som seier at parallelloppdraget skal leggast til grunn for ny reguleringsplan. Og dermed tenkt at no er kursen sett. Men det hjelper så lite når planen bokstaveleg talt er bygd på sandgrunn. Fakta er, at det ikkje har vore direkte dialog med verken grunneigarar eller butikkdrivarar. Allmannamøte kallar eg ikkje for dialog. Innspel har heller ikkje blitt tatt til følgje. Dette får no store konsekvensar for planprosessen vidare, sidan det i praksis er grunneigarane som sitt med makta.


Gloppen kommune og planavdelinga har eit forklaringsproblem. Dette var eg inne på i mitt siste lesarinnlegg den 12. oktober der eg kalla problemstillingane for sjølvskot. Det er ein stad mellom 150 og 200 kontorfolk som enten jobbar eller leiger kontor med kommunen fordelt på fire bygningar i Sandane sentrum: Heradshuset, Sandane Senter, Sandalbygget og Grandane Senter. Det er sannsynleg at ein del av desse køyrer bil til og frå jobb. I den nye reguleringsplanen er det berre to parkeringsplassar som desse kontorfolka vil ha rett til å parkere på i tillegg til nokre få plassar utanfor Sandalbygget. Det er parkeringsplassen mellom Coop og Gloppen Hotell med 19 parkeringsplassar og parkeringsarealet kring Heradshuset med no 31 plassar inkl. handikapp. Resten av parkeringsplassane i sentrum er private og vil bli reservert for eigne kundar, leilegheiter og leigetakarar i tråd med inngåtte kontraktar og reguleringsføreskrifter. Både innbyggarane og politikarane har rett på å få vite korleis kommunen har tenkt å løyse sine eigne parkeringsproblem i ein ny reguleringsplan for Sandane sentrum. Før dette er presentert, trur eg ikkje vi kjem vidare. La oss kalle dette sjakkpartiet for eit remis.