Reguleringsplan med sjølvskot

På informasjonsmøtet om forslag til ny reguleringsplan den 3. oktober, uttrykte eg skepsis til den kraftige reduksjonen av parkeringsplassar i Sandane sentrum. Fleire nye undersøkingar, blant anna frå Oslo, viser kor viktig det er med god parkering for handlande. Vi er mange aksjonærar og butikkeigarar som risikerer å tape alt vi eig dersom vi mister fleire kundar pga. dårleg parkering. For meg kan det bety slutten på fire generasjonar med idealistisk næringsutvikling på Sandane.

Den nye reguleringsplanen legg opp til ein reduksjon på 210 parkeringsplassar i Sandane sentrum. Dette utgjer 31% av dei gjeldande parkeringsplassane. Det er urovekkande at kommunen baserer forslaget berre på ei undersøking av ledige parkeringsplassar frå ei veke i slutten av mai 2016. Det er blant anna ikkje tatt høgde for vinter og vêrforhold utan alternativ til biltransport.

Det er heller ikkje tatt høgde for ein framtidig vekst av fastbuande eller arbeidsplassar i Sandane sentrum. Veksten er allereie i gang i form av 15 leilegheiter under bygging på Grandane Senter og 10 leilegheiter i Sentrumsgården (Firdakraft-bygget). Bedrifter i sentrum har også tilsett fleire folk sidan 2016. Og dette er forhåpentleg berre starten på ei positiv utvikling som vi alle ynskjer.

Men eg er mest bekymra for Gloppen kommune sine eigne tilsette. Etter forslaget å døme, skal dei over 150 kontorfolka som enten er tilsett eller leiger kontor med Gloppen kommune i Sandane sentrum, slåst om 19 kommunale parkeringsplassar mellom Gloppen Hotell og Coop. Dette er det einaste parkeringsarealet i planforslaget som kommunen vil eige i sentrum. Resten av parkeringsplassane er private, og vil med stor sannsynlegheit bli regulert til 2-timars parkering for kundar eller reservert for nye leilegheiter. Dette er dei største grunneigarane allereie einige om utan å ha danna eit Parkeringsselskap. Bekymringane mine vel eg i desse jakttider å kalle for sjølvskot:

Sjølvskot 1

Heradshuset med sine no 31 parkeringsplassar er tatt ut av planen fordi det er «offentleg areal». Kva dette arealet skal brukast til, er uvisst. Men det dekker uansett ikkje behovet til dei 53 kontora i bygget og parkering for kommunen sine eigne bilar og tilsette. Det er vi vitne til kvar dag.

Sjølvskot 2

Gloppen kommune eig seksjon 3 i Sandane Senter gjennom Kråna Eigedom AS. Her er det over 40 arbeidsplassar gjennom NAV, HELFO, StatPed Vest og mange bedrifter i kontorfellesskapet som før var næringshage. Alle er blitt oppfordra til å parkere på min private parkeringsplass med 36 plassar som no er tiltenkt ny bussterminal. Denne plassen er ofte full allereie i 9-tida om morgonen på kvardagar. Ved å fjerne denne parkeringsplassen og samstundes omregulere dei 36 plassane nedanfor Firdatun til friareal, vil alle kontorfolka bli nøydde til å parkere utanfor sentrum. Dette er forresten ikkje heilt riktig. Etter eigarbrøken i Sameiget Sandane Sentrumsbygg vil kommunen sitje igjen med 3 av 7 parkeringsplassar som ikkje allereie er reserverte til andre seksjonar eller fjerna i den nye planen.

Sjølvskot 3

I forslag til ny reguleringsplan er parkeringsplassen ved Grandane Senter omtrent halvert og redusert til 95 plassar totalt. Rema1000 og Europris har kontraktsfesta 100 gratis parkeringsplassar til sine kundar. Gloppen kommune, som leiger omtrent 3000 m2 i bygget til legesenter, helsestasjon, tannlege, PPT, barnevern osv. har berre kontrakt på 10 parkeringsplassar til arbeidsbilane til heimetenesta. Med andre ord vil verken pasientar eller tilsette på Grandane Senter ha rett til å parkere her.

Dersom vi skal få til ein reguleringsplan for Sandane sentrum som lar seg gjennomføre både praktisk og økonomisk, må det utarbeidast eit nytt forslag der ein opprettheld tal parkeringsplassar og tilrettelegg for framtidig vekst. Men det kan vere rom for å fjerne nokre parkeringsplassar i sentrum og legge betre til rette for mjuke trafikantar mot å auke parkeringsarealet i randsonene. Dette er det mogleg å få til med litt gjensidig respekt og velvilje.

 

Beste helsing

Roar Henden