Etter ein pause i ruskevêret blir det meir vind – og regn – over store deler av landet. Her frå Drøbaksundet. Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix / NPK

Regn og vind på veg – framleis snø i høgfjellet




Eit lågtrykk vil prega vêret i store delar av landet dei neste dagane. I vest er det berre å halda regntøyet klart, men mykje vind gjer livet utrygt for paraplyar.


Etter ein kort pause frå ruskevêret onsdag er det klart for ein ny runde med vind og nedbør, særleg på Vestlandet.


– På torsdag formiddag vil eit lågtrykk frå sørvest treffa Vestlandet. Lågtrykket vil spreia seg utover store delar av landet på torsdag og fredag, opplyser statsmeteorolog Anne Solveig Andersen til NTB.


Frå torsdag formiddag er det meldt om vind og nedbør langs heile vestkysten. Vindstyrken vil variera frå stad til stad. Sør for Stad blir det sterk kuling og opptil liten storm somme stader i helga.


– Langs kysten kjem nedbøren som regn. I høgda blir det snø, men snøgrensa kan stiga dei neste dagane på grunn av mildare temperaturar, seier Andersen.


Regnvêret gjeld òg for vestlege delar av Agder. I aust blir det vekselvis regn og opphaldsvêr.



Brer seg ut

Det komande lågtrykket vil breia seg over Austlandet, Trøndelag og Nord-Noreg, men i ulik grad av omfang.


– Austlandet slepp unna det verste vêret. Det blir nedbør i form av regn torsdag og kanskje laurdag morgon, men elles blir det stort sett opphald i landsdelen, seier statsmeteorologen.


I Trøndelag og Møre og Romsdal blir det derimot berre vått og vindfullt dei neste dagane. Torsdag startar dagen med liten kuling langs kysten. Inn mot kvelden vil styrken auka til sterk kuling. Frå torsdag ettermiddag og utover skal det regna langs kysten og snø i fjellet.


Mykje av det same gjeld for Nord-Noreg og Svalbard, men her kjem nedbøren stort sett som snø.



Snø på fjellet

Det er meldt snø i heile den norske fjellheimen inn mot helga. Saman med snøbyene kjem vind i form av kuling av ulik styrke.


Fleire held til i skiløyper på fjellet i vinterferien. Det er varsla om betydeleg snøskredfare fleire stader i fjellet i Sør-Noreg.


Røde Kors tilrår folk i vinterfjellet å lesa snøskredvarselet for området ein er i og sjå etter fareteikn for snøskred i naturen.


Organisasjonen opplyser òg om at det er lurt å planleggja turar heime og leggja dei opp etter vêr- og snøforhold – og etter erfarings- og kunnskapsnivået i turgruppa.


(©NPK)