Illustrasjon: Snøhetta / Kystverket.

Regjeringspartia fann fem millionar til Stad skipstunnel

Regjeringspartia løyver no fem millionar til Stad skipstunnel i statsbudsjettet for 2020.

– Vi er glade og letta over at Høgre, Frp, KrF og Venstre på Stortinget no sikrar at framdrifta i arbeidet med Stad Skipstunnel kan halde fram, slik at det er mogleg med byggestart for Stad Skipstunnel i 2021 som føresett i Nasjonal Transportplan, uttalar Alfred Bjørlo (V) ordførar i Stad kommune, Stein Robert Osdal (KrF) ordførar i Selje kommune, Geir Årvik (H) leiar i Samfunns- og næringsutvalet i Stad kommune og Per Tore Borgund, leiar i Stad Frp i ei felles pressemelding tysdag.

Da forslaget til statsbudsjett kom i oktober, fekk ikkje bygging av skipstunnelen midlar. Styringsgruppa for Stad skipstunnel hadde venta oppstartsmidlar, og leverte eit innspel til statsbudsjettet der dei bad om 7 millionar i planleggingsmidlar i statsbudsjettet 2020 for å sikre byggestart i 2021.

«Vi hadde store forventningar til at regjeringa ville gi det endelege klarsignalet til bygging av Stad skipstunnel etter at Kystverket fekk ned kostnadene i prosjektet», skriv dei i innspelet.

I Nasjonal transportplan er bygginga av Skipstunnelen fullfinansiert med ein total kostnad på om lag 2,9 milliardar i 2019-kroner. Det er lagt opp til byggestart i første stortingsperiode (2017-2021).

(©NPK)