Heim   >   Nyhende   >   Regjeringa vil ikkje ha merking av kjøtt

Regjeringa i Sverige har lagt fram eit forslag om å gjere det obligatorisk for restaurantar å merke kjøtt med opphavsland. Foto: Kari Hamre / NPK

Regjeringa vil ikkje ha merking av kjøtt

Den svenske regjeringa vil gjere det obligatorisk for restaurantar å merke importert kjøtt med opphavsland. Regjeringa i Noreg vil ikkje gjere det same.

Svenskane foreslo nyleg å gjere det obligatorisk for restaurantar å merke kjøttet restaurantane tilbyr, med kva land det kjem frå, skriv Nationen. Statssekretær i Landbruks- og matdepartementet, Widar Skogan (KrF), seier Noreg ikkje har planar om å gjere det same.

– Dette er ein balansegang mellom ønsket til forbrukarane og behovet for informasjon – og kostnadar ved å ha eit slikt regelverk for næringsaktørane. Ei slik merkeordning vil medføre ei kostnadsauke for næringsaktørane, seier han.

Han påpeiker at Noreg allereie har Nyt Norge-merkinga som viser at varene er norskprodusert og har bestemte kvalitetskrav. Merkinga vart nyleg lansert som prøveordning på enkelte serveringsstader. McDonald’s skal mellom anna merke maten sin med Nyt Norge.

(©NPK)