Heim   >   Nyhende   >   Regjeringa vil gje fylka 1,2 milliardar

Samferdslesminister Jon Georg Dale (Frp). Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB scanpix/NPK.

Regjeringa vil gje fylka 1,2 milliardar

Fredag foreslo Samferdselsdepartementet eit tillegg på 1,2 milliardar kroner i statsbudsjettet for 2020. Pengane skal gå til å utruste fylkeskommunane i overtakinga av administrasjonsansvaret for fylkesvegane etter Statens vegvesen.

– Vi legg no til rette for at fylkeskommunane skal lukkast når dei tek over administreringa av fylkesvegane frå Statens vegvesen 1. januar 2020. Regjeringa sitt forslag sikrar at fylka får pengar tilsvarande det Statens vegvesen har brukt på å utføre oppgåvene, rekna til om lag 1,2 milliardar kroner. I tillegg kan fylkeskommunane få utstyr frå Statens vegvesen, seier samferdselsminister Jon Georg Dale i ei pressemelding frå regjeringa.

For 2018 har Statens vegvesen kome fram til at ressursane som vart nytta i arbeidet med fylkesvegane tilsa om lag 1.850 stillingar. Vegvesenet stod sjølv for å dekkje 1.075 av desse, medan fylkeskommunane tok på seg dei resterande årsverka.

Frå neste år av vil fylka stå åleine om denne oppgåva, – eit arbeid regjeringa har foreslått å løyve 1,2 milliardar kroner til.

– Dette er viktig for få til ei god overføring til fylkeskommunane. Det er betydeleg meir enn det vi la opp til i kommuneproposisjonen tidlegare i år, der overføringa av lønsmidlar var avgrensa til talet på tilsette som valde å gå over til fylka. Vi sørgjer òg for at feriepengar for 2020 for tilsette som vert overførte, vert betalt av Statens vegvesen. No håpar eg at Statens vegvesen og fylkeskommunane finn gode løysingar for overføringa, seier Dale i pressemeldinga.

Det er avtalar som dannar grunnlaget for Vegvesen-tilsette sin overgang til fylkeskommunane. I enden av oktober i år hadde rundt 1.265 tilsette i Statens vegvesen takka ja til å gå over til å arbeide i fylka.

– Både Statens vegvesen og fylka er inne i store omstillingsprosessar. Dette krev mykje av dei som jobbar der. No kjem dei siste rammene på plass, og om kort tid skal overføringa setjast i verk. Eg har stor tru på at Statens vegvesen og fylka finn dei beste løysingane saman, seier Dale til slutt. (©NPK)