Heim   >   Nyhende   >   Regjeringa vil endre øyremerkte veterinærtilskot – bøndene er bekymra

Norges Bondelag fryktar mangel på veterinærar på kveldstid når regjeringa vil endre veterinærordninga ved å byte ut øyremerkte midlar med rammetilskot. Foto: Lise Åserud/NTB scanpix/NPK.

Regjeringa vil endre øyremerkte veterinærtilskot – bøndene er bekymra

Regjeringa vil endre veterinærordninga ved å byte ut øyremerkte midlar med rammetilskot. Norges Bondelag fryktar mangel på veterinærar på kveldstid.

Veterinærordninga i dag er gjennom døgnet delt opp i ordinær arbeidstid og ei såkalla veterinærvakt som inneber tilgang til veterinær utanom ordinær arbeidstid. Dei til saman 160 vaktdistrikta over heile landet får i dag øyremerkte tilskot for alltid å kunne ha veterinær tilgjengeleg døgnet rundt.

18. juni vedtok Stortinget at tilskotet ikkje lenger skal øyremerkast, men heller blir delt ut som rammetilskot. Det bekymrar Norges Bondelag, som fryktar at endringa kan føre til at veterinærar kan bli vanskeleg å få tak i på kort varsel på kvelds- og nattid.

– Vi fryktar at bortfall av ei godt organisert veterinærvakt og endringar i fordeling av midlar i verste fall kan føre til at bønder fleire stader i landet ikkje får tak i veterinær utanom ordinær arbeidstid. Det blir endring både i administrasjonsoppgåvene og finansieringa til kommunane, seier rådgivar Anja Lillehaug i Norges Bondelag til NTB.

Møtte kommunalministeren

Torsdag hadde Norges Bondelag og Den norske veterinærforeining eit møte med kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H), for å lufte bekymringane om det nye vedtaket.

– Kommunalministeren slår fast at det er politikken til regjeringa å fjerne så mange øyremerkte tilskot som mogleg og at dei har vedtatt å fjerne øyremerking av veterinærvakttilskotet, seier Lillehaug.

– Ho deler nok ikkje bekymringa vår for om kommunane er klare for å overta alle oppgåvene dei får ved å oppheve alle 160 veterinærvaktdistrikt frå etter nyttår, men eg trur ho ser behov for å finne ein eigna fordelingsnøkkel, seier ho.

– Tillit til kommunane

Kommunalministeren seier at regjeringa no vurderer korleis midlane til den lovpålagde veterinærordninga skal fordelast i rammetilskotet slik at den vil treffer best mogleg.

– Vi vil kome tilbake til fordelinga mellom kommunane i statsbudsjettet for 2020, opplyser Mæland til NTB.

Ho meiner kommunane er godt eigna til å sjølv ta hand om ordninga i kvar enkelt kommune.

– Eg har tillit til at kommunane er opptatt av å sørgje for eit godt veterinærvakttilbod for kommunen sin, og at kommunane tar dette ansvaret uavhengig av om midlane blir gitt som eit øyremerkte tilskot eller som rammetilskot, seier ho. (©NPK)