Leiar Trygve Slagsvold Vedum i Senterpartiet varslar kamp for at momskuttet til utsette bransjar og bedrifter skal få tilbakeverkande kraft. Foto: Terje Bendiksby/NTB scanpix.

- Regjeringa tek omkamp om momskutt

Drosjesjåførar og reiseliv kan miste verdifull krisehjelp fordi regjeringa har gjort om semja i Stortinget om momskutt, ifølgje Senterpartiets leiar.


Eit samrøystes Storting slutta sist måndag opp om at meirverdiavgifta, eller momsen, for utsette bransjar og bedrifter skulle kuttast frå 12 til 8 prosent, med tilbakeverkande kraft frå 1. januar.


Men i proposisjonen Finansdepartementet la fram fredag, hadde ikkje momskuttet lenger tilbakeverkande kraft:


«Den lave satsen i merverdiavgiften, som omfatter persontransport, overnatting og deler av kultursektoren, reduseres fra 12 til 8 prosent i perioden fra og med 20. mars 2020 til og med 31. oktober 2020,» heiter det.


Det får leiar Trygve Slagsvold Vedum i Senterpartiet til å reagere.


– Å gi drosjesjåførar eller reiselivsbedrifter litt ekstra økonomisk stønad er eit veldig konkret og målretta grep, seier han til NTB.


Vedum avviser frykta til regjeringa for at tiltaket skal bli vurdert som ulovleg statsstøtte av EU.


– Når det kjem til stykket, vil aldri EU køyre sak mot enkeltpersonar og sende denne drosjesjåføren ut i konkurs, seier han.


Finansdepartementet skriv i proposisjonen at «hvis det viser seg å være rom for å redusere den lave merverdiavgiftssatsen med tilbakevirkende kraft på en praktikabel måte, vil departementet foreslå dette og komme tilbake til Stortinget.»


Vedum varslar kamp for å få semja frå måndag halden oppe i forhandlingane Stortinget no går inn i fram mot behandlinga av krisetiltaka laurdag.


(©NPK)