Home   >   Fylket   >   – Regjeringa skuffar: Ingen verkemiddel til matproduksjon i ekstremt klima

– Regjeringa skuffar: Ingen verkemiddel til matproduksjon i ekstremt klima

Forslaget til statsbudsjett for 2019 imponerer ikkje Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag.

Det er eit stort behov for klimainvesteringar i landbruket, og regjeringa følgjer ikkje opp stortingsfleirtalet som ber om eit klimafond for landbruksnæringa.

– Vi etterlyser tiltak retta mot vatning og drenering for å sikre ein matproduksjon på dagens nivå, seier Anders Felde i ei pressemelding.

Han ønskjer klimainvesteringar for å møte utfordringane, og er skuffa over at det ikkje kom i forslaget til statsbudsjett for 2019.

– Regjeringa tek ikkje matberedskapen i Noreg på alvor, seier Felde.

– Håplaust at heile greia ikkje blir reversert

Regjeringa ønskjer å kutte i avgifta på sukkervarer og sjokolade, men ikkje på brus og saft. Samtidig vil dei utrede sukkeravgifta nærare. Det får Felde til å reagere.

– Det er hol i hovudet at ikkje heile sukkeravgifta blir reversert, medan ein utredar ordninga. For meg er det heilt uforståeleg at dei kuttar i avgifta på sjokolade, men ikkje på saft og brus.

Treng utvikling

– Eg registrerer også at det er blitt kutta i midlane til regional utvikling over tid, seier Felde.

I regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2019 er det sett av rundt 1,2 milliardar kroner til regional utvikling og nyskaping. Det er 223 millionar mindre enn året før.

– Vi er mange som bur i distrikta, og vi treng utvikling og aktivitet i bygdene.

Felde reagerer også på at forslaget til statsbudsjett for 2019 legg opp til ein reduksjon til utbygging av høghastigheitsbreiband på cirka 50 millionar.

– Eg stiller meg kritisk til forslaget om reduksjonen til utbygging av breiband. Vi er avhengige av å ha god dekning i framtida for å henge med på utviklinga som skjer i landbruket.