Statsminister Erna Solberg er samd i at Oslo-regionen er overrepresentert i offentlege utval og i styrande organ i selskap eigd av staten. Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB scanpix/NPK.

Regjeringa skal bli flinkare å finne representantar for distrikta

Statsminister Erna Solberg meiner regjeringa må bli flinkare til å hente inn ekspertise frå fleire stader i landet.


Regjeringa har tidlegare fått kritikk for å mangle representasjon frå distrikta når dei har sett ned offentlege utval og kommisjonar, til dømes i Kraftskattutvalet og domstolkommisjonen.


Stortingsrepresentant Emilie Enger Mehl frå Senterpartiet har stilt eit skriftleg spørsmål til statsministeren om dette, og fått svar:


– Vi ser at Oslo-regionen er overrepresentert i offentlege utval og i styrande organ i selskap eigd av staten. Både bustad og arbeidsmiljø påverkar perspektiv og kunnskapstilfang, dette gjeld også for fagekspertar. Regjeringa må difor bli flinkare til å hente fagleg ekspertise frå miljø utanfor hovudstadsregionen, skriv statsministeren i svaret.


Solberg nemner òg at utfordringa er peikt på i ein ny rettleiar for utvalsarbeid som departementa fekk i februar i år. Rettleiaren set norma for korleis departementa arbeider med samansetjing av offentlege råd, styrer og utval. (©NPK)