Home   >   Nyhende   >   Regjeringa seier nei til å setje ut tamme ender til jakt

Klima- og miljødepartementet har gitt eit endeleg nei til at tamme stokkender skal kunne importerast og setjast ut til jakt. Foto: Jon Olav Nesvold/NTB scanpix/NPK.

Regjeringa seier nei til å setje ut tamme ender til jakt

Klima- og miljødepartementet har gitt endeleg avslag på ønske frå skogeigarane om å importere og sette ut tamme stokkender til jakt i norske skogar.

Miljødirektoratet gav i mai i fjor Løvenskiold-Fossum Skog løyve til å importere 8.000 stokkender til kommersiell jakt i Telemark.

Avgjerda blei klaga på av Norsk Ornitologisk Forening og NOAH – for dyrs rettar, og i desember i fjor blei det kjent at Miljødirektoratet gjer heilomvending og vil avslå framtidige søknader.

Skogeigarorganisasjonen Norskog klaga på avgjerda, men etter ny behandling i Miljødirektoratet har Klima- og miljødepartementet (KLD) denne veka komme med ei endeleg avgjerd. Dei vil følgje tilrådinga frå direktoratet, skriv NRK.

– Å sette ut stokkender for jaktformål gir risiko for negative konsekvensar for biologisk mangfald, Miljøstyresmaktene kan derfor ikkje gi løyve til det, seier statssekretær Atle Hamar i Klima- og miljødepartementet.

Vitskapskomiteen for mat og miljø har tidlegare konkludert med at å føre inn og sette ut tamme stokkender i Noreg gir risiko for negative konsekvensar for blant anna biologisk mangfald.

– Vi er skuffa over avgjerda. Departementet har lagt vekt på rapporten frå Vitskapskomiteen, som i stor grad er basert på spekulasjonar og forventningar – det er veldig lite fakta. Vi ønskjer oss eit vedtak på eit fagleg godt dokumentert grunnlag, seier administrerande direktør Arna Rørå i Norskog. (©NPK)