Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde.

- Regjeringa må betre beredskapen i forhold til flaum og ras

- Vi aksepterer at det kjem til å kome meir ekstremvêr på Vestlandet, men då må storsamfunnet gjere meir for at innbyggjarane og dei besøkande skal vere trygge her, seier leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, i ei pressemelding. 

Felde etterlyser myndigheitene når det gjeld ras- og flaumsikring.

- Vi skal bu i distrikta og skape verdiar her, og då er det ein uhaldbar situasjon ikkje å skulle vere trygg.

Felde vil ha meir løyvingar til NVE.

- Flaumen og rasa i Jølster er eit godt døme på korleis det kan gå. For to år sidan vart husa ved Årsetelva sikra mot elva, og tiltaka her har vore med på å redde husa som står der i dag. Sikringa har tatt av for massane som kom ned, men er øydelagd og må erstattast. Når ein ser øydeleggingane, torer ein ikkje å tenkje på korleis det hadde sett ut om det ikkje hadde vore ei sikring her, seier Felde.

Bondelaget har etterlyst større løyvingar til NVE i dei siste statsbudsjetta. Dei siste åra har ein sett ein auke i ekstremvêr, og Sogn og Fjordane har vore ramma av større ras og flaum tre år på rad. Samtidig manglar det ein større auke i løyvingar til NVE for sikring.

- Kommunar er blitt oppmuntra til å utarbeide raskart og flaumkart for sikring av områda, og dette er langt på veg blitt gjort. Men det hjelper lite når myndigheitene sin vilje til å investere i sikring er låg. Køen hjå NVE over sikringstiltak som treng løyvingar er lang og NVE har eit enormt etterslep, seier Felde.

- Dette er ei viktig sak for distrikta. Det er ei målsetjing om å ha eit landbruk i heile landet og ha levande bygder, men då må det vere trygt å bu her. Utan sikring av elvar og rasområde vil matproduksjonen òg oppleve eit langt større press for å nytte sikre område med dyrka mark til framtidige bustadfelt og næringsareal, seier Anders Felde.