Heim   >   Nyhende   >   Regjeringa legg fram nye krisetiltak fredag

Den fjerde krisepakken frå regjeringa for å demme opp for koronakrisa blir lagd fram fredag. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK

Regjeringa legg fram nye krisetiltak fredag

Regjeringa legg fram nye økonomiske tiltak mot koronakrisa klokka 12 fredag.

Statsminister Erna Solberg (H), finansminister Jan Tore Sanner (H), næringsminister Iselin Nybø (V) og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) vil leggje fram tiltaka på ein felles pressekonferanse på Statsministerens kontor fredag ettermiddag.

Tiltaka skal støtte bedrifter og næringsdrivande, sikre arbeidsplassar og styrkje næringslivet som blir hardt ramma av koronavirusutbrotet i Noreg, heiter det i ei pressemelding frå Statsministerens kontor.

Det blir den fjerde tiltakspakken regjeringa legg fram sidan koronakrisa ramma Noreg.

(©NPK)