Heim   >   Nyhende   >   Regjeringa gir 15 millionar til kamp mot pengespelproblem

Foto: Heiko Junge/NTB scanpix/NPK.

Regjeringa gir 15 millionar til kamp mot pengespelproblem

Regjeringa har vedtatt ny handlingsplan mot speleproblem. Det er sett av 15 millionar kroner til forsking, informasjon, førebygging og behandling av speleproblem.

– Regjeringa tar pengespelproblem på alvor. Vi fører ein ansvarleg pengespelpolitikk som tar omsyn til dei som slit med pengespel. Gjennom handlingsplanen vil vi sikre at sosialpolitikken framleis har hovudfokus i spelpolitikken, seier kulturminister Trine Skei Grande (V) i ei pressemelding.

Handlingsplanen er finansiert av overskotet i Norsk Tipping. Målet med planen er å redusere talet speleavhengige i Noreg og gi meir kunnskap om spel og speleproblem.

Tal frå Norsk Pasientregister viser at talet på pasientar som får behandling for speleproblem stig, og handlingsplanen viser til at talet på folk som kan ha behov for spesialisert behandling er høgare enn talet på dei som får slik behandling. Dessutan har personar med avhengigheitsproblem, inkludert speleproblem, fleire helseplager enn befolkninga elles.

Departementet peikar på at frivillige organisasjonar som arbeider med speleavhengige har ei viktig rolle i dette arbeidet. Det førebyggjande arbeidet i helsetenesta skal også styrkjast.

Handlingsplanen er eit samarbeid mellom Medietilsynet, Noregs forskingsråd, Lotteritilsynet, Helsedirektoratet og frivillige organisasjonar. (©NPK)