Heim   >   Nyhende   >   Regjeringa ber folk halde større avstand

Statsminister Erna Solberg (H) og helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) orienterte tysdag om det vidare arbeidet med å handtere koronavirusutbrotet i Noreg. Foto: Heiko Junge/NTB scanpix/NPK.

Regjeringa ber folk halde større avstand

Regjeringa ber folk halde minst to meters avstand innandørs og ikkje vere meir enn fem personar saman i gruppe utandørs.

I det offentlege rommet bør ein halde minst éin meters avstand til andre, sa helseminister Bent Høie (H) då han presenterte dei nye tiltaka tysdag ettermiddag.

Når ein er utandørs, bør ein heller ikkje vere meir enn fem personar saman i gruppe. Dette gjeld ikkje folk som er i familie eller bur saman.

Innandørs bør folk ha minst to meters avstand til kvarandre.