Heim   >   Nyhende   >   Regjeringa aukar støtta til humanitære organisasjonar

Noreg aukar den humanitære støtta til respons på koronapandemien frå 10 til 100 millionar kroner, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H). Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK

Regjeringa aukar støtta til humanitære organisasjonar

Regjeringa i Noreg gir ytterlegare 90 millionar kroner i humanitær støtte som følgje av koronaepidemien.

Hittil har Noreg bidrege med 10 millionar kroner til Verdshelseorganisasjonen (WHO) til respons på koronapandemien. I tillegg har Noreg gjennom FNs nødhjelpsfond (CERF) bidrege med ytterlegare om lag 15 millionar kroner.

Dei nye 90 millionane kronene blir kanaliserte gjennom den globale appellen til FN-systemet for humanitær respons på koronapandemien som blir lansert onsdag.

– Eg fryktar at den allereie alvorlege humanitære situasjonen for folket i Afghanistan, Syria og mange andre kriseramma land vil bli endå verre. Derfor aukar vi no den humanitære støtta til respons på koronapandemien frå 10 til 100 millionar kroner, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H).

(©NPK)