Home   >   Nyhende   >   Regjeringa arbeider med ny pelsdyrlov

Regjeringa vil avvikle pelsdyrnæringa i Noreg. No arbeider Landbruks- og matdepartementet med utkastet til ei ny lov. Illustrasjonsfoto: Alf Ove Hansen/NTB scanpix/ NPK.

Regjeringa arbeider med ny pelsdyrlov

I Jeløya-plattforma vart regjeringspartia einige om å gjennomføre ei styrt avvikling av pelsdyrnæringa. No arbeider Landbruks- og matdepartementet med eit utkast til den nye lova.

Regjeringa foreslår at avviklingsperioden går fram til pelsingsesongen for produksjonsåret 2024 er avslutta, det vil seie til 1. februar 2025.

Departementet greier også ut ei kompensasjonsordning for pelsdyroppdrettarar. Denne ordninga skal berre gjelde for oppdrettarar som dreiv med pelsoppdrett 15. januar 2018, og det kan bli fleire vilkår for å få kompensasjon.

Eitt av desse vilkåra kan vere når oppdrettarane avvikla pelsdyrhaldet sitt. Sidan kompensasjonsordninga vil bli omtalt i lovproposisjonen til Stortinget, betyr det at oppdrettarane ikkje kan vere sikre på å få kompensasjon om dei avviklar drifta før stortingsbehandlinga.

Utkastet til den nye lova vil bli sendt på høyring før regjeringa sender lovforslaget til Stortinget. (©NPK)