Heim   >   Nyhende   >   Regelverket for opptak til høgare utdanning skal evaluerast

Illustrasjonsfoto: Thomas Brun / NTB scanpix / NPK

Regelverket for opptak til høgare utdanning skal evaluerast

Regjeringa set i gang eit forskingsprosjekt som skal sjå på om opptakssystemet til høgare utdanning i Noreg fungerer godt nok.

I dag gir karaktersnittet frå vidaregåande skule ein poengsum ein søker høgare utdanning med, og ein kan få tilleggspoeng for alder, anna utdanning, kjønn, realfag og språk.

– Vi ønsker å vite meir om kva effekt ordningane med kvotar og tilleggspoeng har, og om opptakssystemet generelt bidrar til at vi rekrutterer dei studentane som er best eigna til dei ulike studiane, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V).

Forskinga skal gjennomførast av Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (Nifu) og rapporten skal etter planen leverast i byrjinga av 2020.

Nifu skal mellom anna sjå på om tilleggspoenga har nokon effekt på gjennomføring av studiane, kvaliteten på kandidatane og om systemet i dag legg til rette for ei rask gjennomføring av studiane.

I tillegg skal det norske systemet samanliknast med andre land.

(©NPK)