Dette spikarteltet har berre nokre centimeter å gå på før det står under vatn

Reed camping står under vatn

Store nedbørsmengder, kombinert med sommarlege temperaturar og snøsmelting har ført til store elvar og oversvøyming mange stadar



Ein av dei som har fått merke vatnet, nesten på kroppen, er Inge Johnsen og Reed Camping. Breimsvatnet har stige jamt og trutt heile helga og søndag ettermiddag nærma det seg golvet i nokre av hyttene.



Lite å gjere

-Eg har berre eitt par støvlar, og dei har eg lånt vekk. Eg har også berre ein liten bil som eignar seg dårleg til å køyre i vatnet med, så det får berre gå sin gang, seier Johnsen om situasjonen som på ingen måte er ei ny erfaring.

Nokre av hyttene på campingplassen er nettopp pussa opp og han har også takstolar liggande på området til to nye hytter. Mykje av campingplassen sto søndag ettermiddag under vatn og  rekved og anna rusk og rask låg strødd utover.

Inge Johnsen kan ikkje gjere så mykje anna enn å vente og håps på det beste. Men han vil helst sleppe å få vatn inn i hyttene.

-Då lyt eg til med skifting av golv og det eine og det andre. Nei, det er berre problem med dette vatnet og Breimsvatnet burde vore senka mykje meir framfor slike nedbørsmengder. Der ligg ein bergnabb i elva ved utløpet, den bør vekk, meiner Johnsen som nok ein gong må sjå Breimsvatnet true campingplassen sin.

Både vakkert og skremmande er kanskje dekkande for dette fotoet.
Det manglar ikkje mykje på at desse hyttene får vatn inn på golvet.
Det er mykje vatn som skal pressast gjennom opninga ved enden av Breimsvatnet. Slik såg det ut på Teita laurdag ettermiddag.