Preikestolen er eitt av dei mest besøkte turistmåla i Noreg. I ein rapport frå Oslo Economics og PwC heiter det at regjeringa bør kutte i profileringa av Noreg som reisemål. Foto: Bo Johanson/NTB scanpix/NPK.

Rapport: Regjeringa bør kutte i støtta til profilering av Noreg som reisemål

Ein rapport foreslår å kutte bidraget til Innovasjon Noreg si satsing på marknadsføring og profilering av Noreg som reisemål med over 50 millionar kroner.


Det kraftige kuttet er frå 231,5 millionar kroner i dag, skriv Dagens Næringsliv.


Rapporten er utarbeidd av konsulentselskapet PwC og Oslo Economic, som meiner at desse reduksjonane ikkje vil få vesentlege negative konsekvensar.


Ein annan rapport, laga av Samfunnsøkonomisk Analyse på oppdrag av Nærings- og fiskeridepartementet, har også tatt til orde for at den offentlege reiselivsprofileringa har avgrensa tyding for verdiskapinga i Noreg og bør trappast ned, skriv avisa.


PwC og Oslo Economic har gjennomgått det offentlege verkemiddelapparatet som er retta mot å fremme norsk næringsliv i utlandet på oppdrag frå Finansdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Utanriksdepartementet og Olje- og energidepartementet.


– Kutta som PwC-rapporten foreslår vil vere dramatiske og forslaga er så vidt vi kan sjå baserte på eit svært tynt grunnlag. Rapportane blir også opplevde som utdaterte fordi dei berre ser på profileringsarbeidet vårt slik vi jobba tilbake i tid og ikkje slik vi jobbar i dag, seier reiselivsdirektør Bente Bratland Holm i Innovasjon Noreg.


(©NPK)