Heim   >   Nyhende   >   Rapport: Noreg blir tilrådd å kutte elbil-fordela

I ein rapport utarbeidd av tolv forskarar blir Noreg tilrådd å redusere subsidiane på elbilar og auke avgiftene på bensin- og dieselbilar. Foto: Fredrik Varfjell/NTB scanpix/NPK.

Rapport: Noreg blir tilrådd å kutte elbil-fordela

Noreg får råd om å kutte el-bilfordelane og i staden auke avgiftene på bensin- og dieselbilar, ifølgje ein rapport som blir lagt fram tysdag.

I ein rapport frå Forskingssentera til nordisk ministerråd Nordregio, som har sett saman tolv forskarar til å gjere opp status for den nordiske klimapolitikken, kjem det klare råd til norske politikarar, skriv VG.

Noreg blir mellom anna rådd til å redusere elbil-subsidiane og auke avgiftene på bilar som forureinar meir.

– Viss målet er å redusere klimautsleppa, er det mest effektive å rette tiltaka og avgiftene inn mot bilane som bidrar med dei største utsleppa, seier postdoktor Katinka Holtsmark ved Økonomisk institutt ved Universitetet i Oslo til avisa.

Ho seier vidare at mindre elbilstøtte og dyrare fossile bilar kan føre til at folk vel andre løysingar, som kollektivtransport.

Forskarane bak rapporten tilbakeviser òg påstandane om at norsk oljeproduksjon vil bli erstatta av oljeproduksjon frå andre land viss Noreg kuttar produksjonen.

Holtsmark seier at dersom Noreg ønsker å auke ambisjonane i klimapolitikken, må oljeproduksjonen kuttast. Det vil ikkje betre den norske klimarekneskapen, men det vil kutte dei globale utsleppa, ifølgje postdoktoren. (©NPK)