Rapport: Mediedekninga av fylka er svekt

Dekninga av det regionale forvaltningsnivået er svekt, og Oslo peikar seg ut som den einaste reelle blindsona i norsk mediedekning, ifølgje ein ny rapport.


I den første statusrapporten sin om det norske mediemangfaldet konkluderer Medietilsynet med at norske regionaviser i større grad konsentrerer seg om dei bynære områda og har trekt seg tilbake frå større regionale dekningsområde.


Tilsynet meiner at dette bidreg til å svekkja avsendarmangfaldet på det midtarste geografiske nivået og den faktiske og kritiske dekninga av fylkeskommunane.


– Det gjer NRK sitt regionale nærvær viktig. NRK har eit særleg ansvar for å reflektere det geografiske mangfaldet i Noreg og har nyleg fått ansvar for å dekkje tematiske og geografiske blindsoner, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet i ein kommentar til undersøkinga.


Frå 1. januar 2020 fekk NRK eit særleg ansvar for å dekkje såkalla tematiske og geografiske blindsoner med svak journalistisk dekning.



– Oslo ei blindsone

Ei anna utfordring er at mange nasjonale nyheitsmedium har hovudkontor i Oslo, og at dette kan føre til at saker av nasjonal interesse blir presentert med stor grad av sentraliserte vinklingar, heiter det i delrapporten.


Endå om mange norske riksmedium held til i Oslo, peikar hovudstaden seg ut som den einaste reelle redaksjonelle blindsona i Noreg i eit regionalt og lokalt perspektiv.


– Endå om mange av dei nasjonale avisene har redaksjon og utgivarstad i hovudstaden, har Oslo i lita grad redaksjonell dekning av lokale forhold. At ei avis har utgivarstad i ein kommune, er ikkje det same som at ho har redaksjonell dekning av lokale forhold og maktstrukturar, seier Velsand.



Fleire eigde av store aktørar

Den norske avismarknaden består i dag av om lag 290 aviser, og 265 er lokal- og regionaviser, medan resten rettar seg mot den nasjonale marknaden.


Stadig fleire av avisene er eigde av dei største aktørane, som er Schibsted, Amedia og Polaris. I lokalradiobransjen er fleire innhaldskonsesjonar samla hos færre eigarar, ifølgje rapporten.


Medietilsynet meiner at den auka eigarkonsentrasjonen kan gjere innhaldet likare. Samtidig kan det gjera den digitale overgangen enklare for dei minste aktørane.


I mediemangfaldsrekneskapen har tilsynet mellom anna sett på eigarstruktur, talet på medietilbydarar, geografisk spreiing av det redaksjonelle nærværet og kjønnsfordeling blant journalistar og redaktørar. Tilsynet konkluderer med at Noreg har ein rik avisflora, sterke allmennkringkastarar og eit breitt radiotilbod. Rapporten blir lagd fram tysdag.


(©NPK)