Sandane skulekorps. Arkivfoto.

Raja varslar krisehjelp til korpsa

Kulturminister Abid Raja (V) vil kome med tilpassa hjelp til musikkorps som har mista store inntekter på grunn av koronakrisa.


Over heile landet strevar musikkorps no med å skrape pengekassar fordi loppemarknadene og basarane i vår har vorte avlyste som følgje av koronaviruset.


Onsdag hadde Norges Musikkorps Forbund og Korpsnett Noreg eit møte med kulturministeren for å diskutere krisa.


– Eg hadde eit flott møte med korpsa i dag. For meg er dei ein berebjelke i kulturen vår. For mange unge er gleda til korp, musikk og samvær, og veldig mange av musikarane i dei profesjonelle orkestera våre har bakgrunn frå korpsrørsla, seier Raja i etterkant av møtet.



Vil justere kriseordning

Kulturministeren viser til at regjeringa allereie har fått på plass ein tiltakspakke på éin milliard kroner for kultur, frivillig innsats og idrett.


Der har fleire korps søkte, ifølgje Raja.


– Samtidig ser vi at ordninga ikkje trefte den frivillige innsatsen og breiddeidretten optimalt. Eg har lytta og sagt at vi skal justere ordninga for å sjå om vi kan treffe betre. Derfor jobbar vi med å finne endå betre løysingar, og har stor tru på at vi skal få til noko dei fleste kan bli fornøgde med, seier han.


– Eg tek med innspela frå møtet i dag i det vidare arbeidet.



Har tru på løysing

Styreleiar Morten Skaarer i Korpsnett Noreg meiner Raja uttrykte forståing for den vanskelege situasjonen.


– Fleire av medlemmene våre er no i ein kritisk likviditetssituasjon, og det er avgjerande å få vedteke ein tilpassa tiltakspakke som treffer oss. Vi trur vi saman kan få til ei løysing som hindrar at korps blir lagt ned som eit resultat av krisa, seier han.


Krisepakken som allereie er vedteke, har vore meint å dekkje tapte billettinntekter, deltakaravgifter og meirutgifter ved avlysingar og utsetjingar av arrangement. Men desse tiltaka treffer dårleg for korpsa, som i stor grad har hatt inntektene sine frå loppemarknader, bingo, sal av vaflar og kaffi og basarar.


Under koronakrisa har mange av desse inntektene blitt vekke, midt under det som pleier å vere høgsesongen til korpsa.


Om lag 63.000 nordmenn er aktive i 1.800 korps rundt om i landet.


(©NPK)