Ragnhild Sæle er ein skikkeleg veteran i lokalpolitikken, men likevel klar for fire nye år i kommunestyret.

Ragnhild Sæle toppar Ap-lista

Med seg på toppen av lista har Ragnhild Sæle Arve Dvergsdal på andre plass og Siv Karin Hestad på tredje. Dvergsdal er i dag leiar for Utval for Oppvekst, Kultur og Helse. Hestad er lokallagsleiar og sit i formannskapet.

Kjende fjes i toppen

Ap har i dag fem representantar i kommunestyret og alle desse er å finne i toppen av lista. På fjerdeplass finn vi Gunn Laila Årnes som i dag sit i utval for Plan og utvikling og på femte Einar Jarle Nygård som i inneverande periode er første vara. Sjetteplassen er tildelt May Ina Kjøsnes Jarning som var første vara, men fekk fast plass etter at Elisabeth Dalen fekk fritak frå kommunestyret. Kjøsnes Jarning sit i dag i Utval for Plan og Utvikling.

Les heile saka i papirutgåva fredag.