Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H) har fått ei liste med innspel frå Norsk rådmannsforum. Dei ber om meir pengar til å dekke kostnader til reforma. Foto: Terje Pedersen/NTB scanpix/NPK.

Rådmenn meiner framtidige kommunereformer må styrast meir av staten

Noregs rådmannsforum meiner forskjellane i Kommune-Noreg har vorte større etter reforma, og dei meiner neste runde må bli sterkare styrt av staten.


– Veldig mange store er blitt større, mange små er som før. I store delar av landet er det veldig få samanslåtte kommunar og veldig mange små. Andre stader har ein slått saman kommunar som i nordnorsk eller vestlandsk samanheng er ganske store. Det er òg brukt tvang i slike tilfelle. Alt dette verkar tilfeldig, seier leiar Hugo Thode Hansen i Norsk rådmannsforum til Nationen.


Forumet har levert ei liste med ti innspel til kommunalminister Monica Mæland (H). Der kjem det fram at rådmennene meiner forskjellane i Kommune-Noreg har vorte større etter kommunereforma. Dei meiner òg at framtidige reformprosessar må vere sterkare styrt av staten.


Hansen seier at det er vanskeleg å forstå kvifor det er brukt tvang i kommunesamanslåingar i eitt tilfelle og ikkje i eitt anna.


– Vi trur at viss staten er klarare på kva som er målet, og kva dei nye kommunane skal vere, vil det vere meir føreseieleg, seier forumleiaren.


På lista til Mæland ber dei mellom anna òg om meir pengar for å dekke kostnader til reforma.


Leiar Ole Gustav Narud i Lokalsamfunnsforeningen meiner rådmennene med innspelet tar ei langt større rolle enn dei bør, og han seier han ikkje trur rådmennene har kommunane sine med seg når dei krev tvangssamanslåing.


(©NPK)