Rådmann Ellen Jensen legg fram ei økonomiplan ho ikkje vil tilrå.

Rådmannen vil ikkje tilrå økonomiplanen

Jølster formannskap skal torsdag drøfte økonomiplan for tidsrommet 2019-2022. Rådmann Ellen Jensen legg fram ein koneskvensjustert økonomiplan i balanse, men kan ikkje tilrå den.

 

Økonomiplanen har vore eit tilbakevendande tema sidan juni då rådmannen presenterte ein plan i balanse. Ho hadde då sett bom for fleire investeringar og låneopptak i planperioden.

Politikarane ville det annleis

Full investeringsstopp betydde mellom anna at store prosjekt som idrettshallar, industriområde på Moskog og Smiehogen bustadfelt på Vassenden vart tekne ut av planen, noko politikarane putta inn att. Etter det har det stadig blitt presentert nye bestillingar på innsparingar for å få planen i balanse.

Konsekvensane av dette er no unnarbeidd i planen og rådmannen presenterer ein plan som ho meiner får så store konsekvensar for tenestetilbodet i kommunen, at ho ikkje kan tilrå den.



Stygge tal

Dei planlagde investeringane vil krevje eit låneopptak på 98 millionar i planperioden, 82.6 av dei neste år. Rådmannen sine tabellar syner også at det vil vere eit innsparingsbehov i planperioden på 72 millionar, 19  av dei kjem neste år.

-Med innsparing på 72 millionar som skissert vil tilbodet til innbyggjarane i Jølster bli vesentleg dårlegare, og det vil bli krevjande å ivareta dei lovpålagde oppgåvene kommunen har.  Viktige tilbod til barn og unge vert redusert kraftig. Eldre og sjuke vil ikkje kunne få så god oppfølgingsom i dag.
Det vil bli vesentleg større press på tilsette, som igjen kan føre til auke i sjukefråværet, misnøye, fare for konfliktar samt fare for skader og avvik. Naudsynt nedbemanning for å gjennomføre innsparing vil igjen føre til auke i arbeidsløysa og kanskje utflytting frå kommunen.

Konsekvensane av tiltaka i justert økonomiplan er så store for drifta av Jølster kommune at rådmannen finn å ikkje kunne tilrå den. Saka vert derfor lagt fram utan framlegg til vedtak. skriv rådmann Ellen Jensen i saksutgreiinga.

Dei tillitsvalde er uroa

Arbeidstakarorganisasjonane som er representerte i i Jølster kommune, sende nyleg brev til politikarane der dei signaliserte sterk uro for den økonomiske situasjonen.

-Som representantar for dei tilsette må vi tillitsvalde no gje eit varsku til arbeidsgjevaren vår, Jølster kommune, ved dei folkevalde. Arbeidsvilkåra vert endra og folka på golvet, dei som kvar dag skal halde motoren i organisasjonen «Jølster kommune» i gang, merkar det på kroppen, skriv dei.

Hardare og hardare

-Kravet til innsparing har blitt strengare år for år, og når haustens «budsjetteventyr» er i gong står politikarane på talarstolen og poengterer at leiarane ikkje held seg til arbeidsinstruksen dei har fått. Dette gapet mellom ynskjelege og mogelege resultat gjer noko med tilliten mellom partane. Nokre av utfordringane vi ser er å klare å halde sjukmeldingar på eit lågast mogeleg nivå og å rekruttere og behalde godt kvalifisert arbeidskraft. Det blir venta at vi skal produsere like gode, ja helst betre resultat, utføre fleire oppgåver og vere meir effektive, men med færre
hender. Dette reknestykket går rett og slett ikkje opp!, skriv dei tillitsvalde som ber politikarane syne arbeidsgjevaransvar og oppføre seg som ansvarlege bedriftseigarar.

 

Tek ikkje stilling til hallane

-Vi tillitsvalde ynskjer ikkje å ta stilling til hallspørsmål eller
andre investeringar, som er punkt på ønskjelistene. Men vi ventar at arbeidsgjevaren vår tek
arbeidsgjevaransvaret sitt på største alvor og legg opp til at vi kan klare å gjennomføre arbeidet
som vi er sette til å gjere, utan å måtte bryte til ei kvar tid gjeldande lovverk, heiter det til slutt i brevet.

Elin Enebakk er hovudtillitsvald for fagforbundet i Jølster kommune, eitt av forbunda som har skrive under brevet til politikarane.